NRK Meny
Normal

4203 søkjarar får tilbod om plass i vidaregåande opplæring i dag

Dei aller fleste som har søkt seg til vidaregåande opplæring i fylket, får i dag tilbod om å starte til hausten.

Elever videregående skole, illustrasjonsfoto

Illustrasjon

Foto: Sigurdsøn, Bjørn / SCANPIX

– Det er gledeleg at vi også i år kan tilby majoriteten av dei unge det opplæringstilbodet dei har som førsteprioritet, seier fylkesdirektør Bekka Skaasheim i Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Til saman 4638 har søkt om vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane skuleåret 2013–14.

3691 søkjarar får tilbod om å starte på det utdanningsprogrammet dei hadde øvst på lista si, når skuleåret tek til i august.

– Vi er godt nøgd med talet vi har per i dag og ikkje minst at så mange har fått tilbod på sitt første ønskje, seier Skaasheim.

Bekka Skaasheim

Bekka Skaasheim, fylkesdirektør i Sogn og Fjordane fylkeskommune

Viktig å svare

Søkjarane har frist til 16. juli på å svare på om dei tek imot tilbodet eller ikkje. Dei som ikkje svarar innan fristen, mistar skuleplassen.

– Det er særdeles viktig er at dei som har fått tilbod svarar, viss ikkje kan dei miste skuleplassen sin. I tillegg er det viktig å svare for at dei som står og ventar eventuelt kan få eit tilbod. Hugs at det er mange søkjarar som står på venteliste til førstevala sine, understrekar Skaasheim.

Dei som ikkje får tilbod om plass i det første inntaket, står på venteliste fram til andreinntaket 2. august.

– Det som skjer no er at dei som har fått tilbod ved dette inntaket. Dei takkar anten ja eller nei til tilbodet dei har fått. Så køyrer vi eit nytt inntak den 2. august. Det skjer ganske mykje i den perioden alt etter kva svar vi får inn.

178 utan tilbod

49 søkjarar får i år tilbod om vidaregåande opplæring i andre fylke. Dette gjeld blant andre søkjarar frå Gulen, Solund og Aurland (Gudvangen), som gjennom Hordalandsavtalen har rett til vidaregåande opplæring i nabofylket.

178 søkjarar med rett til vidaregåande opplæring står utan tilbod etter første inntaksrunde. I tillegg står fleire søkjarar utan ungdomsrett på venteliste. Det er 286 ledige skuleplassar i Sogn og Fjordane, om lag likt fordelt på alle trinna.

– Når det gjeld dei ledige plassane opp mot dei som står utan tilbod, så er det dessverre ikkje slik at dette matchar slik at vi kan putte dei inn der det er ledig. Dei fleste ledige plassane finst på andre året. I tillegg ein god del på tredje året, seier Skaasheim.

Færre søkjarar

Skaasheim seier det er flest utan tilbod blant dei som har søkt seg til allmennfagleg påbygging.

Til opplæring i bedrift har nær 50 prosent av dei 469 søkjarane med ungdomsrett fått lære- eller opplæringskontrakt.

Det er om lag 100 færre søkjarar til vidaregåande opplæring i år enn i fjor. Det skuldast reduksjon i elevtalet frå grunnskulen på 90 elevar

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser