Søkartalet stupte etter karakterkrav

For første gong på åtte år går søkartala til sjukepleiarstudiet ned.

Sykepleier illustrasjon

FÆRRE SØKARAR: 18 prosent færre søkte seg til sjukepleiarutdanningane i 2019.

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

Nedgangen i talet på søkarar til sjukepleiarstudiet er på over 18 prosent, men er ifølgje minister for høgare utdanning, Iselin Nybø (V), ikkje uventa.

No må nemleg alle ha minst tre i norsk og matematikk for å kunne bli sjukepleiar. Nedgangen er ein konsekvens av dei skjerpa karakterkrava.

– Tidlegare har vi gjort det same på lærarutdanningane, og erfaringane er at søkartala får ein dupp når krava til karakterar blir skjerpa, men at dei ganske raskt aukar igjen, seier ho.

Aleksander Aasen og Helene Sylvarnes

SNART SJUKEPLEIARAR: Aleksander Aasen og Helene Sylvarnes går sjukepleiarstudiet i Førde.

Foto: Ragnhild Voreland / NRK

Aleksander Aasen (31) og Helene Sylvarnes (21) er snart ferdigutdanna sjukepleiarar i Førde. Dei trur karakterkrava kan bidra til å få opp kvaliteten på utdanninga.

– Det er viktig at vi har desse krava. Akademisk kunnskap må vere på plass for å kunne bli gode sjukepleiarar, seier Aasen.

Treng lærarar for dei yngste

I den andre enden har fleire enn ein av ti lærar på førstevalet sitt når dei søker høgare utdanning. Aldri før har fleire ønskt å bli lærar. Det er utdanningsminister Nybø godt fornøgd med.

– Eg er veldig glad for at vi har gode søkartal til lærarutdanningane også i år, seier ho.

Lærarutdanningane har i år 14.122 førstevalssøkarar – 135 fleire enn i fjor. Nesten 300 fleire vil bli barnehagelærar, men grunnskolelærar- og lektorutdanningane har lågare søkartal enn før.

Fleire lærarar for dei minste elevane har vore eit ønske frå utdanningsministeren og mange studiestader har slite med å fylle opp studieplassar for grunnskoleutdanninga.

– Sjølv om tala er gode og søkartala til barnehagelærarutdanninga aukar mykje, skulle eg gjerne sett at det var enda fleire som ville bli lærar for dei yngste elevane i skulen. Det er på 1.–7. trinn i barneskulen behovet for lærarar er størst dei neste åra, seier Nybø.

Auke til informasjonsteknologi

Totalt har 138.732 søkt høgare utdanning i 2019. Det er ein nedgang på 2,3 prosent, samanlikna med fjoråret. Områda med den største prosentvise nedgangen er språk og reiseliv, medan land- og havbruk og informasjonsteknologi går mest opp.

– Vi veit at Noreg kjem til å trenge meir IKT-kompetanse framover, og det er bra at søkarane ser at det finst spennande yrkesmoglegheiter her, seier Nybø.