Hopp til innhold

Færre ser heimekampane til Sogndal - nytt prosjekt skal lokke fleire til Fosshaugane

Sogndal har så langt færre tilskodarar i snitt enn i fjor.

Sogndal - Hønefoss

ØNSKJER FLEIRE PÅ KAMP: Laurdag var det omlag 4600 som såg kampen mellom Sogndal og Hønefoss. Dette er langt over snittet så langt i år.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Til no i sesongen har gjennomsnittleg 3400 personar sett Sogndal sine heimekampar. Det er 250 færre enn snittet var i fjor.

Laurdag såg 4581 personar Sogndal spele 1–1 mot Hønefoss, men det høge publikumstalet denne kampen kom av at Lerum Cup i fotball vart arrangert i helga.

Klubben har no sett i gang tiltak for at minst like mange skal sjå kamp på stadion som i fjor, seier arrangementsansvarleg Geir Inge Heggestad..

– Vi jobbar med eit prosjekt vi har stor tru på. Dette skal vi ha på plass til neste kamp heime mot Haugesund 28. juli, seier han.

Prosjektet går ut på å invitere innbyggjarane i nokre utvalde kommunar til kampane. Målet er å komme gjennom alle kommunane i løpet av sesongen.

– Vi får med oss bedrifter på støtte til billettar. Vi har stor tru på dette prosjektet og det har vore ein stor suksess då vi køyrde det i Vik og Luster

Dei neste kommunane prosjektet skal prøvast ut i er Førde, Lærdal og Aurland. Målet er mykje meir folk på kampane,

– Dette skal vere med å løfte oss slik at vi greier snittet vi hadde i fjor.