Også på landsbasis er nedgangen stor, og første nestleiar i Energi- og miljøkomiteen, Hallgeir Langeland frå SV, seier utviklinga er urovekkande. Han seier det er beklageleg at det går ut over lokal eigarskap og lokal arbeidskraft når næringa vert omstrukturert og sentralisert.
Reidar Sandal. Arkivfoto
- Ute etter kortsiktige gevinstar
For dei siste 10 åra har talet på tilsette ved oppdrettsannlegga i fylket blitt halvert, og talet er no nede i 153. Også på landsbasis har det vore stor nedgang i tilsette i oppdrettsnæringa den same perioden. Det som ein gong var ein visjon om ei stor vekstnæring med produksjon av verdiar og arbeidsplassar er no på veg til å falle saman, seier Stortingsrepresentant for Sogn og Fjordane Reidar Sandal.
Han trur den viktigaste forklaringa til at det har gått i feil retning, er at det er nokon som prøver å ta ut kortsiktige gevinstar og selt seg ut og avvikla verksemda.
Også dagleg leiar i oppdrettsselskapet Firda Management, Ola Braanaas, trur årsaka til dårlege tal er effektivisering, men seier dette har vore ei naudsynt utvikling for næringa.
- Kunne vore hindra
Langeland meiner derimot fallet kunne vore hindra. Gjennom konsesjonshandsaminga av det enkelte anlegg burde det vore bindingar med til dømes tilbakefall til staten når nokon sel seg ut, meiner han. - Vi må få til ein ny giv for distrikta, og då må vi sørgje for at oppdrettsnæringa i størst mogleg grad får lokale eller offentlege eigarar, seier SV-representanten.