Hopp til innhold

Færre jervar på våre kantar

Tal frå Rovdata syner no at jervebestanden i Sørvest-Norge har gått ned frå 79 i 2008 til 69 i 2011.

Jerv
Foto: BBC

I same perioden har jervestammen auka i Midt-Norge og Nord-Norge.

Øystein Flagstad, som er genetikar i Rovdata, seier at deira data viser at det i liten grad vandrar inn jerv til den sørvestlege delbestanden, og at tilførsel av individ i all hovudsak skjer gjennom dei kvelpekulla som blir produserte i delbestanden.

Les heile artikkelen i Rovdata .