Færre hummarfiskarar

I år er det 500 færre hummarfiskarar i Sogn og Fjordane enn i 2017, melder Fiskeridirektoratet. Dei trur mange som registrerte seg i fjor trur registreringa framleis gjeld for i år. Det gjer den ikkje, alle må registrere seg på nytt. I heile landet har talet på hummarfiskarar gått ned frå 33 300 i fjor til 27 000 i år.