NRK Meny
Normal

Færre hjortar drepne i trafikken

Det er registrert 214 hjortepåkøyrslar frå august til mars i år. Det er 90 færre enn i fjor på same tid.

Påkøyrd hjort

PÅKØYRD HJORT: Statens vegvesen har fleire prosjekt for å gjere det enklare å sjå hjorten og stoppe hjort i krysse vegen.

Foto: Rudi Sønnervik

– Det er veldig bra at talet på hjortepåkøyrslar går ned. Det viser at ein del av tiltaka vi har sett i verk fungerer, seier Ann Kristin Nes som er viltkontakt for Statens vegvesen i Sogn og Fjordane.

Frå august 2015 til mars i år er det registrert 214 hjortepåkøyrslar. I same periode i fjor var talet 304, viser tal frå politiet.

Ann Kristin Nes

VILTFORVALTAR: Ann Kristin Nes i Statens vegvesen.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Fleire grunnar til reduksjonen

Statens vegvesen har gjort fleire tiltak for å få bukt med slike ulukker, med blant anna skogrydding og viltgjerde. Nes trur likevel det er fleire ting som spelar inn.

– Det skjer kanskje også ting i forhold til bestanden nokre stadar, så kan det også vere variasjon i klima enkelte år.

Viltpåkjørsel

MANGE: Sjølv om færre hjort blir påkøyrde, er det likevel mange. Her frå politiet sin twitterkonto måndag.

Foto: Twitter

Over ein femårsperiode vart det brukt 2,3 millionar kroner på tiltak. Ein rapport frå Statens vegvesen viste at samfunnet sparte 2,55 millionar kroner i same periode. Nes håpar nye tiltak også vil redusere talet på påkøyrslar.

Samarbeider breitt om prosjektet

– Dersom vi kan redusere påkøyrslane der det er verst, vil det hjelpe. Vi har eit godt utgangspunkt etter at kommunane tok i bruk hjorteviltregisteret, og godt samarbeid med Hjortesenteret på Svanøy. Så vurderer vi stad for stad, og gjer ulike tiltak.

Sogn og Fjordane er eitt av fylka med flest hjortepåkøyrslar i landet. Statens vegvesen har ei prioritert liste over kvar det vil komme tiltak.

– I år vil det komme gjerde mellom Fodnes og Mannheller. Kanskje ikkje på heile strekninga, men det verste av den. Så vil det komme ein god del rydding langs E39 gjennom heile fylket for å gje bilistane betre sikt.

Nye prosjekt for å få bukt med problemet

I Sogn og Fjordane har Statens vegvesen rydda betre sikt der ein opnar vegkantane opp mot 10 meter på vegkantane. Det er viktig, meiner Nes.

– Dersom det står skog heilt ut i vegkanten, har ein litt mindre sjanse for å stoppe tidsnok. Viltgjerde er for å stoppe hjorten heilt frå å passere vegen.

I tillegg håpar Nes på at Statens vegvesen i løpet av året, får på plass eit prosjekt med sensorar og lyssignal.

– Vi tar dei verste strekningane, mellom fem og sju punkt, der vi set opp skilt som er aktive. Dei vil bli programmerte etter påkøyrslane og ein del andre faktorar. Så vil bilistane få ein blink når faren er størst.

Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå
Milliongåve til Redningsselskapet som takk for innsatsen