NRK Meny

Færre fekk restskatt

Skatteoppgjeret for inntektsåret 2013 er klart i dag. I Sogn og Fjordane får færre restskatt, medan fleire får meir att på skatten. Fordelt på 83.128 skattytarar i fylket er det utlikna 7,9 milliardar kroner i direkte skattar og avgifter. 68.626 skattytarar får i snitt tilbake 13.191 kroner. 13.591 skattytarar må betale restskatt, i snitt vert det 18.148 kroner på kvar, opplyser Skatt vest i ei pressemelding.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå