Hopp til innhold

Færre enn venta spela poker

Arranngøren av den omstridde pokerturneringa i Førde hadde venta 100 deltakarar. Det kom berre 60.

Pokerturnering
Foto: Ronny Brede Aase / NRK

- I høve til folketalet er Førde ein av dei store pokerbyane i Norge, seier mangager for det norske pokerlandslaget, Rolf Woods.

Måndag kveld arrangerte pengespelnettstaden Expekt turnering i Førde. Leiar for turneringa, Rolf Woods, sa i førre veke at han ville provosere Lotteritilsynet med å leggje turneringa til Førde. Men på spelekvelden var forklaringa litt annleis.

- I Førde er det veldig mange som spelar poker. Difor bestemte vi å legge ei av dei 12 turneringane hit.

Rauk tidleg ut

Deltakarane var hovudsakleg unge menn mellom 18 og 25 år. Berre 10 minutt ut i konkurransen gjekk førstemann ut av konkurransen. Ein time seinare måtte andremann, Inge Holsen, takke for seg.

- Det er gratis å delta, så ein kamerat meldte oss to på. Dessutan er det kjekt å spele live.

Rolf Woods
Foto: Ronny Brede Aase / NRK

At det var gratis å delta, og at ein ikkje spela om ekte pengar gjorde til at Lotteritilsynet ikkje kunne stoppe konkurransen. Men vinnarane fekk likevel sjansen til å spele om ekte dollar. Dei fremste plasseringane kunne få konto på nettstaden Expekt.

Ynskjer fleire spelarar 

Rolf Woods legg legg ikkje skjul på at han ynskjer fleire spelarar på sin nettstad.

- Dei fleste som speler her i kveld har spela mykje før. Vi har eit produkt på markedet, og vi ynskjer at fleire spelar hjå oss. Vi er i konkurranse med andre internettselskap som ynskjer dei same spelarane.