Hopp til innhold

Ni ordførarar. Ni menn

AURLAND (NRK): Sju av ti ordførarar i landet er menn etter lokalvalet. Svakt av Regjeringa og dei politiske partia, meiner Likestillingsombodet.

Sogn regionråd

GUTEKLUBB: Ordførarane i midtre og indre Sogn er alle menn (f.v.): Harald Offerdal (Balestrand), Noralv Distad (Aurland), Arild Ingar Lægreid (Årdal), Ivar Kvalen (Luster), Jon Håkon Odd (Leikanger), Olav Turvoll (Vik), Trond Øyen Einemo (Lærdal, varaordførar for Jan Geir Solheim), Petter Sortland (Høyanger) og Jarle Aarvoll (Sogndal).

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Midtre og indre Sogn er ein av regionane i landet som er kjemisk fri for kvinnelege ordførarar. Så når dei ni ordførarane i regionrådet skal fotograferast i lag for fyrste gong etter valet i haust, er det berre karar å sjå.

– Det er ikkje noko godt teikn for regionen, seier leiar i Sogn regionråd og ordførar i Balestrand, Harald Offerdal (Ap).

Ordføraren heiter Ola, ikkje Kari

Også i resten av kommune-Norge er det langt fleire menn enn kvinner som sit med den viktig ordførarmakta, etter valet i haust.

– At fleire enn sju av ti ordførarar er menn, held ikkje mål i det heile teke i eit land som ønskjer å stå fram som likestilt, seier likestillings- og diskrimineringsombod Sunniva Ørstavik.

Likestillingsombud Sunniva Ørstavik

KVINNER FELL FRÅ: – Dei politiske partia må syta for at kvinnene blir verande i politikken, og ikkje fell frå, slik mange gjer i dag, seier likestillingsombod Sunniva Ørstavik.

Foto: Trine Lise Sviggum Helgerud

– I eit demokrati skal dei som styrer landet spegla folket, og med ein så låg kvinnedel vil viktige perspektiv i politikken gå tapt.

Det er seks prosentpoeng fleire kvinner med ordførarmakt i dag enn etter 2011-valet, men 28 prosent er lite å vera stolt av, tykkjer likestillingsombodet:

– Statsråd Solveig Horne har nettopp presentert ei stortingsmelding for likestilling, men der finst ingen kraftfulle tiltak. Det er for svakt.

– Partia har hovudansvaret

Likestillingsminister Solveig Horne (Frp) ønskjer ikkje å kommentera kritikken, og seier at dette er Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) sitt ansvar.

Statssekretær Anne Karin Olli (H) i KMD meiner det er dei politiske partia – både nasjonalt og lokalt – som har hovudansvaret.

– Men staten kan tilby kompetanse, og det har me gjort, seier Olli.

Anne Karin Olli

28 PROSENT KVINNER ER FOR LITE: – Men det er gledeleg at kvinnedelen har auka, seier statssekretær Anne Karin Olli (H).

Foto: Kjell Are Guttorm/NRK

Har hatt tiltak

– Regjeringa burde starta eit større program for å motivera fleire kvinner, og for å syta for at partia ikkje kan la vera å setja kvinnene opp på listene sine, noko som faktisk skjer i dag, seier Ørstavik.

– Regjeringa har hatt tiltak retta direkte mot kommunar som hadde under 30 prosent kvinner i kommunestyra i siste periode. 47 kommunar deltok, og det er eg glad for, seier Olli.

Resultatet av dette prosjektet er ikkje klart før på nyåret, og Olli vil ikkje vurdera nye tiltak før ho har evalueringa i handa.

Look to Luster

I guteklubben i Sogn regionråd finst kanskje ei løysing: Luster var nemleg lenge dårlegast i klassen. Dei sette i gang eit arbeid for å få damene inn i politikken.

Ivar Kvalen

MANNSBASTIONEN: Ivar Kvalen (Sp) er den siste i ei lang rekkje med berre mannlege ordførarar i Luster.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Sjølv om kommunen berre har hatt menn som ordførar, har talet på kvinner i kommunestyret auka frå 17 til 40 prosent dei siste åtte åra.

– Arbeidet endra haldningar. Det gjorde partia klare for å nominera damer på listene. Og det gjorde innbyggjarane – som er dei som til slutt avgjer – merksame på kjønnsbalansen i kommunestyret, seier ordførar Ivar Kvalen (Sp).