Hopp til innhold

Færre cruiseskip neste år

Redusert tonnasje betyr lågare inntekter, men hamnesjefen er ikkje uroa.

Queen Mary II vitjar Flåm

NEDGANG: Det blir færre cruiseanløp i Flåm neste år. Her er Queen Mary II på besøk i Sogn.

Foto: Jan Christian Jerving

- Vi får færre skip og følgjeleg også mindre tonnasje neste år, seier hamnesjef John Erik Johnsen i Flåm til Sogn Avis.

Færre skip - mindre inntekter

Til no i år har 142.000 passasjerar gått i land frå 123 cruiseskip i Flåm.

Til samanlikning er det så langt meldt inn 103 anløp til Flåm neste år. Den samla skipstonnasjen går ned frå 5,3 millionar til 4,9 millionar tonn i 2010.

Kvar passasjer gjer 600 kroner

Ifølgje hamnesjefen betyr dette reduserte inntekter, men han meiner djupvasskaia i Flåm likevel er god butikk. Styret toler tonnasjefallet på sju prosent - eit fall som også kan vede mellombels, skriv Sogn Avis.

Ei gransking Flåm Utvikling gjorde i fjor viser at Flåm kan rekne med ein omsetnad på 600 kroner for kvar cruisepassasjer som går i land i bygda.