NRK Meny

Færre bønder i Flora

Talet på mjølkeprodusentar i Flora har gått ned frå 52 til 33 dei siste ti åra, skriv Firdaposten. Dei tre bondelaga i kommunen er uroa over utviklinga, og får støtte av ordførar Ola Teigen (Ap). - Bøndene våre er flinke og det er ei næring det står respekt av. Eg er, som bondelaga, uroa over utviklinga i landbruket. Vi ynskjer ikkje at bygdene våre gror igjen, seier Teigen til avisa.