Hopp til innhold

Færre blir mobba - men kampen held fram

FØRDE (NRK): Nye tal frå Elevundersøkinga viser at Halbrend skule gjekk frå fire til null prosent mobbing frå 2014 til 2015. Mobbinga i resten av landet minkar også jamt og trutt.

Oline Bjørvik (13)

SEIER IFRÅ: Oline Bjørvik (13) har aldri opplevd mobbing på Halbrend skule, men hadde sagt ifrå til både vaksne og mobbarar om ein situasjon hadde oppstått. – Om dei hadde blitt mobba sjølv hadde dei kanskje følt at det ikkje er noko gøy, seier Bjørvik om mobbarane.

Foto: May-Helen Rolfsnes / NRK

Dette er hardt arbeid, fortel rektor Åge Stafsnes om førebygging av mobbing på Halbrend skule.

I den siste Elevundersøkinga frå hausten 2015 svarte alle elevane på 7. og 10. trinn på Halbrend barne- og ungdomsskule at dei aldri blir mobba. Undersøkinga blir årleg gjennomført av Utdanningsdirektoratet.

Tala på landsbasis viser også ein jamn nedgang i mobbinga. I 2010 svarte 7,5 prosent av elevane på 7. og 10. trinn, og på 1. vidaregåande i landet at dei hadde blitt mobba to til tre gongar i månaden eller oftare. Fem år etter er talet halvert, og er nede på 3,7 prosent.

Ein grunn til noko av nedgangen kan vera endring av metode og spørsmål i undersøkinga frå 2012 til 2013, men alt tyder på at det er ein reell nedgang.

Set mobbing på dagsorden

I ein periode på over ti år har Halbrend skule hatt ein reduksjon i mobbinga. Det ligg eit langsiktig og systematisk arbeid bak målet om null mobbing, fortel rektor.

– Vi har tydelege rutinar, og jobbar med klasseleiing, altså det å vere tydeleg vaksen, fortel rektor på Halbrend skule.

Rektor på Halbrend skule Åge Stafsnes

MYKJE ARBEID: Rektor på Halbrend skule, Åge Stafsnes, fortel at dei konstant jobbar med å halde det såre temaet mobbing på dagsorden.

Foto: May-Helen Rolfsnes / NRK

Skulen er flinke til å setje mobbing på dagsorden.

– Vi byrjar på foreldremøte om hausten, der foreldre forpliktar seg til å skrive under på mobbemanifestet.

Mobbemanifestet er eit skriv som seier nei til mobbing, og som er laga av regjeringa og kommunane. Manifest og underskrifter heng i klasseromma på Halbrend skule.

Elevane veit kva dei bør gjere

Venninnene Julie Eide (12) og Oline Bjørvik (13) i 7. klasse har aldri opplevd mobbing, og er vand med å forhindre det.

– Vi inkluderer og passar på å sjå rundt oss at det går bra med alle, fortel Eide.

– Om dei hadde blitt mobba sjølv hadde dei kanskje følt det same, at det ikkje er noko gøy.

Oline Bjørvik (13)
Oline Bjørvik (13) og Julie Eide (12) på Halbrend skule

TYDELEG: Oline Bjørvik (13) og Julie Eide (12) står framfor det store monumentet i skulegarden på Halbrend, som held på ein tydeleg bodskap.

Foto: May-Helen Rolfsnes / NRK

Kva hadde de gjort om de hadde sett teikn til mobbing?

– Vi hadde sagt ifrå til vaksne og sagt at dei ikkje må gjere slikt fordi det er ingen som liker å bli mobba. Om dei hadde blitt mobba sjølv hadde dei kanskje følt det same, at det ikkje er noko gøy, seier Bjørvik.

– Om det er nokon som er utestengd spør me om dei har lyst til å vere med.

Held fram med det harde arbeidet

– Før var det færre elevar som likte seg på skulen, men no har det blitt veldig bra, fortel Oline Bjørvik.

Sjølv om det er null prosent mobbing, trur ikkje rektor at alle har det bra på ein skule med 380 elevar.

– Difor vil vi fortsette kvar dag med å jobbe for at alle skal ha det best mogleg på Halbrend skule. Vi må jobbe systematisk, og ha dette med oss kvar dag.

Som ei påminning til elevane heng det to store monument i skulegarden der det står: "Vi seier nei til mobbing".

– Det viser veldig godt, så då minner det oss på at vi ikkje skal mobbe, seier Eide.