Hopp til innhold

Færre besøker musea i fylket

Besøkstala ved Sogn og Fjordane Kunstmuseum gjekk i 2010 ned med vel 300 besøkande.

Astruptunet

FÆRRE REISER HIT: I løpet av 2010 besøkte færre kunstmuseet Astruptunet i Jølster.

Foto: NRK

Til saman var 21 591 gjestar innom musea i fylket i løpet av fjoråret.

Nedgang i Jølster

Både på Anders Svor Museum i Hornindal, Astruptunet og Eikaasgalleriet i Jølster er det registrert færre besøkande.

I Lærdal har derimot Gjesmegalleriet hatt stabile besøkstal. Dette trass i at arbeidet der for det meste har vore konsentrert om å førebu seg til eit nytt kunstsenter.

(Artikkelen held fram under biletet)

Morten Johan Svendsen

GLEDAR SEG: Direktør Morten Johan Svendsen i Sogn og Fjordane Kunstmuseum gledar seg over at besøkstala ved musea i Førde har gått opp.

Foto: Torbjørn Fardal / NRK

Rekord i Førde

Det Sogn og Fjordane Kunstmuseum sjølv synst er mest gledeleg er at besøkstala i Førde har nådd ein ny topp.

Kunstsenteret i Førde hadde i løpet av dei 12 månadane nær 7000 kunstinteresserte på besøk.

Det er ein auke på nær 1700 gjestar frå året før.

Også museet på Prestebøen i Førde hadde ein oppgang i talet besøkande.