Hopp til innhold

Færre bedrifter i fylket ventar vekst i 2014

Årets næringsbarometer for mai syner at det er låge forventningar til vekst i fleire bransjar i Sogn og Fjordane.

Montasje næringliv

LÅGARE FORVENTNINGAR: Den samla forventningsindeksen går ned frå ti til fem poeng i årets mai-barometer.

Foto: Montasje

Den samla forventningsindeksen går ned frå ti til fem poeng i årets mai-barometer. Indikatorane for investering, lønsemd og omsetnad syner alle nedgang, og aller verst ser det ut for investeringane.

Ikkje sidan 2009 har det vore fleire verksemder som ventar reduksjon enn auke i investeringane.

Også lønnsemda syner ei svak utvikling, og indikatoren har ikkje vore så låg sidan finanskrisa i 2009. Det er nesten like mange verksemder som ventar reduksjon som auke.

Trass i at indikatorane for både investering, lønsemd og omsetnad går ned, held indikatoren over tilsette seg stabil. Det er framleis fleire som ventar å auke enn å redusere talet på tilsette. Ti prosent ser for seg nedskjeringar i arbeidsstokken, noko som er ein like stor prosentdel som for eitt år sidan.

Berre ti prosent ventar auke

Ifølgje næringsbarometeret syner dei fleste næringane i fylket ei negativ utvikling, og det er fleire som samla sett ventar nedgang enn auke. Dette gjeld både bygg og anlegg, reiseliv, kultur og oppleving og varehandel og privat tenesteyting.

Det står verst til i byggjenæringa, der den samla indeksen er på minus ni poeng. Så mange som éi av tre verksemder i byggjenæringa ventar å redusere investeringane. Berre ti prosent ventar ein auke.

Også i varehandelen ventar fleire reduksjon enn auke. Det gjel også for verksemdene innan reiseliv, kultur og oppleving.

Lyspunkt i industrien

I industrien og innanfor finansiell og forretningsmessig tenesteyting er det framleis positive forventingsindeksar, sjølv om dei er langt lågare enn i fjor.

Det skuldast først og fremst reduserte forventningar til lønsemd, men også at fleire verksemder ventar lågare investeringar det neste året. Derimot ser talet på tilsette ut til å halde seg stabilt gjennom 2014.

Opptur for transportnæringa

Transportnæringa er den einaste som syner oppgang samanlikna med mai i fjor. Her landa forventingsindeksen på 20 poeng, noko som er seks poeng opp frå i fjor.

Det er spesielt forventningar om nye tilsette og investeringar som trekkjer opp. Næringa er samansett, og omfattar ulike typar verksemder innan land-, sjø- og lufttransport, og ikkje alle er like konjunkturutsette.

Det gjeld mellom anna passasjertransport, som er blant dei bransjane som trekkjer resultata i positiv retning.

Aukande optimisme i Sogn

Tre av fire verksemder ventar at marknadsutsiktene vil halde seg stabile. Den samla forventingsindeksen er også på den positive sida.

Ser ein på fylket regionvis, er forventningsindeksen på Sogn og Sunnfjord på ni og ti poeng. Sogn er også den einaste regionen som opplever aukande optimisme samanlikna med i fjor.

Også i eksportnæringa ser marknadsutsiktene ut til å bli betre etter mange år med låg vekst. Ei av fire verksemder ventar at eksporten vil auke i løpet av året.

Samfunnsansvar kan lønne seg

Ifølgje forskarar trekkjer verksemder, som tek ansvar for verda rundt seg, til seg ansvarlege medarbeidarar.

Det er noko som kan lønne seg på sikt, då slike medarbeidarar vil vere meir motiverte for å yte sitt beste enn dei som er motiverte av økonomiske insentiv åleine. Det kan også føre til at verksemdene kan tillate seg eit lågare lønsnivå.

Samfunnsansvar har vakse til å bli ein ny trend i næringslivet, og er i dag etablert som eigen funksjon i mange verksemder.

I 2001 hadde 55 prosent av verksemdene i norsk næringsliv ein strategi for aktivt samfunnsansvar. Blant større verksemder var talet 76 prosent, syner ei undersøking som Respons Analyse gjorde blant norske leiarar i 2011.

Gjer meir enn kva som er lovpålagt

Prosjektleiar i NHO, Siri L. Stavang har leia ei eiga nettverkssatsing som har handla om eit samfunnsansvarleg næringsliv i Sogn og Fjordane.

– Samfunnsansvar er eit vidt omgrep. Ein snakkar om både miljø, menneskerettar, leverandørkjeda, arbeidsmiljø, korrupsjon og lokalsamfunn, til dømes å støtte lokale idrettslag, seier Stavang.

Siri L. Stavang

LØNNER SEG: Prosjektleiar i NHO, Siri L. Stavang, påpeikar at samfunnsansvar lønner seg for bedriftene.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Ho legg til at det eigentleg dreiar seg om sosiale- og miljøomsyn som ein tek utover lovpålagde krav.

Ho peikar på at i ei industribedrift er det lovpålagt å bruke verneutstyr, medan det ikkje er lovpålagt å tilby lærlingplassar.

– Det å faktisk tilby det er eit godt tiltak for å ta samfunnsansvar, seier Stavang.

Ho meiner bedriftene i fylket er medvitne.

– Vi opplever at bedriftene i fylket er opptekne av det. Vi har kanskje ein tradisjon for å verkeleg ta vare på lokalsamfunnet, seier Stavang.

Ser verdien av det som har vorte gjort

Ho peikar på at bedrifter ofte reinvesterer overskotet sitt i lokalsamfunnet.

– Eg trur ein er kommen godt i gang her i fylket, seier Stavang.

Ho fortel at det har vore spennande å jobbe med nettverksprosjektet om samfunnsansvar i Sogn og Fjordane. Prosjektet har gått over tre år og starta i 2011, og vart avslutta i mars i år. Om lag 25 bedrifter var med på prosjektet frå starten, og vel ti bedrifter vart med i sjølve hovudprosjektet.

– Vi har sett verdien av det som har vorte gjort, så no tek NHO Sogn og Fjordane satsinga vidare, med stønad frå fylkeskommunen, seier Stavang.

Ho kjem til å jobbe vidare med det nettverket som er etablert, samt prøve å få fleire bedrifter i fylket til å jobbe strategisk med det.

Treng fleire fagfolk

Mangel på kvalifisert arbeidskraft er framleis ei utfordring for delar av næringslivet i Sogn og Fjordane. Behovet har ikkje vorte mindre av svake konjunkturar.

Til saman manglar fylket om lag 600 nye medarbeidarar i 2014, syner prognosar frå NAV. Det er ein nedgang på berre 50 personar frå i fjor. Det er størst mangel i helse- og sosialtenesta. Til saman manglar det 225 personar i denne sektoren.

Men også i byggjenæringa manglar verksemdene fagfolk. Ifølgje NAV sine prognosar, manglar næringa 75 tilsette i 2014. Det er færre enn i fjor, då det tilsvarande talet var 125 personar.

Delen av bygg- og anleggsverksemder som har mislukkast med rekrutteringsprosessen dei siste tre månadane har auka frå ti prosent i fjor til 14 prosent i år.