Hopp til innhold

Færøysk makrellanding i Selje

Den færøyske pelagiske trålaren "Finnur Fridi" lossar 1100 tonn makrell hos Norwy Pelagic i Selje. Båten kom til Selje nord av Måløy i dag, skal vere ferdig lossa natt til laurdag. Etter det FiskeribladetFiskaren kjenner til har anlegget betalt 8 kroner kiloen for makrellen. Prisen på Færøyane ligg for tida på 4,60 – 5,00 kroner kiloen, så båten tener på å gå til Norge, sjølv om dei må betale ekstraskatt på to kroner kiloen til den færøyske stat for å lande i Norge.