Hopp til innhold

Færøyiske trålarar overhalte i Leirvik

Måling og motoroverhaling på to færøyiske trålarar har den siste månaden gitt kjærkome arbeid til Havyard Ship Technology i Leirvik i Hyllestad.

Færøyiske trålarar overhalte på Havyard i Leirvik

PLASS TIL TO: I den store overbygde tørrdokka i Leirvik er det plass til begge dei færøyiske trålarane.

Foto: Havyard

Det er dei to trålarane «Stjørnan» og «Polarhav» frå reiarlaget JFK som har hatt tilhald i den overbygde tørrdokka på verftet. Tørrdokka har stått ledig i påvente av neste nybygg frå skrogverftet.

– Dette arbeidet har gitt oss kjærkome arbeid i ei tid med litt slakk og der vi har hatt ledig kapasitet, seier Jan Helge Solheim, som har hatt ansvar for arbeidet.

– Jobben har stort sett gått etter planen, og vi har ei fornuftig inntening. Dette viser at vi kan vere med på å konkurrere om reparasjon og ombyggingsjobbar.

Færøyisk trålar på Havyard i Leirvik

FØR: Slik såg den eine av trålarane ut etter sandblåsing og før ny måling vart lagt på.

Foto: Havyard
Færøyisk trålar på Havyard i Leirvik

ETTER: Slik ser den same trålaren ut rett før han er klar til å forlate Leirvik.

Foto: Havyard

Treng fleire slike oppdrag

Det var i byrjinga av november dei to trålarane kom til Leirvik, sterkt prega av mange tokt i vêrharde havstrok. No er dei blitt som nye etter sandblåsing og måling. I tillegg er det montert nye slingrekjølar og hovudmotorar og hjelpemotorar er overhalte.

Også propellane har fått overhaling, og det er lagt inn fast ballast og lagt ny dørk i innreiinga, skriv Havyard i ei pressemelding.

Og no prøver Havyard å få fleire slike oppdrag, for det er svært magert på nybyggingssida. I slutten av oktober vart det kjent at 60 årsverk forsvinn ved verftet i Leirvik. For ei veke sidan vart det informert om at nesten alle dei tilsette blir permitterte fordi bygginga av ein islandsk trålar er utsett i eitt år.