NRK Meny
Normal

Facebook vert nynorsk

For norske ungdomar brukar no fritida si på å oversetje det populære nettsamfunnet til nynorsk.

Facebook
Foto: Stian Lysberg Solum / Scanpix

Leiar for Førde målungdom, Frida Høstaker er glad for at ungdom får eit betre nynorsktilbod på nettet.

Dei fleste på bokmål

- I dag er dei fleste norske internettsidene på bokmål, då er det godt at nynorsk kan bli meir brukt gjennom Facebook, seier Høstaker.

Ho håpar dette vil føre til at fleire vel å bruke nynorsk i den vidaregåande skulen.

- Om nokon har brukt nynorsk på Facebook i tre år, vert det kanskje lettare for dei å velje nynorsk på skulen, seier Høstaker.

Frå engelsk til nynorsk

I den nynorske versjonen av facebook, eller fjesboka som den også vert kalla på nynorsk, vert blant anna inboks innbakka.

Benjamin Larsen frå Oslo har nokre dagar brukt to timar framføre datamaskina for å gjere fjesboka nynorsk.

- Her er ei omskriving, ein veneførespurnad eller see wall to wall, det vert sjå skrifta på veggen, seier Larsen.

No har han 13700 ord lagt inn på fjesboka. Dei beste orda vert stemt fram av brukarane, og vert då ei del av språket i nettsamfunnet.

Språkrådet positive

Daniel Ims i Språkrådet synest tiltaket er kreativt.

- Det er kreativt og bra. Bokmål vert ofte lagt tettare opp til engelsk. Nynorsken får eigne ord.

Det einaste språkrådet har å utsetje på innsatsen for nynorsken, er at formene kan bli inkonsekvente.

Populært

Og det er ikkje berre nynorskbrukarar som nyttar seg av tilbodet. Ein del boksmålsbrukarar brukar nynorskversjonen på fjesboka.

- Eg trur kanskje dei nyttar den fordi den er friskare i formen, seier Larsen.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå