Hopp til innhold

Facebook fjerna minneside for drapsoffer

Facebook har fjerna gruppa som gir seg ut for å vere til minne om Margaret Molland Sanden.

Skjermdump minneside Margaret Molland Sanden

SKJERMDUMP: Facebooksida som gav seg ut til å vere til minne om drapsofferet Margaret Molland Sanden, vert skulda for å fremje rasisme og høgreekstremistiske haldningar.

Foto: skjermdump Facebook

Sida har blitt skulda for å ytre rasistiske og høgreekstreme meiningar og nære vener av Margrete Molland Sanden (19) bad folk om å ta avstand frå minnesida.

NRK har snakka med ei kvinne som har rapportert inn minnesida til nettsamfunnet. Kring klokka 11 i dag vart minnesida fjerna.

Margaret Molland Sanden si minneside er stengd.

FJERNA: Dette er meldinga ein får når ein i dag prøver å finne minnesida.

Foto: Skjermdump

– Hovudårsaka til at eg oppretta dialog med Facebook var at den minnesida ikkje var ei minneside, men berre vart nytta til hatfulle og rasistiske ytringar som ikkje hadde noko med Margaret å gjere, fortel kvinna, som ynskjer å vere anonym.

Oppmoda til å ta avstand

Molland Sanden var ein av tre personar som ein asylsøkjar drap om bord på Valdresekspressen for to år sidan. Allereie like etter trippeldrapet skreiv NRK om rasistiske ytringar på minnesidene.

Gjennom Sogn Avis og Bergens Tidende oppmoda familien og vener av Molland Sanden folk om å ta avstand frå rasistisk propaganda der jenta blir brukt.

– Når eg og andre kommenterte dette på sida, stilte spørsmål ved ytringar eller lenka til avissaka der familien tok avstand frå sida, så vart våre innlegg sletta og vi vart stengt ute frå å kommentere ytterlegare, seier kvinna.

Bryt med reglane

– Minnesider og rasisme høyrer ikkje saman. Vi skal minnast dei døde på ein god måte og heller jobbe for ei betre verd, ikkje meir hat, seier kvinna som i dag fekk følgjande melding frå Facebook.

– Vi har sett på sida du rapporterte for å innehalde hatytringar eller symbol. Sidan den bryt med våre retningsliner har vi fjerna den, skriv dei.

Det har ikkje lukkast NRK å få kommentar frå advokaten til Molland Sanden sin familie.