NRK Meny
Normal

Felgfabrikken seier opp og permitterer

Etter mange gode nyhende siste månadane varslar Saint Jean Wheels oppseiingar og permitteringar ved felgfabrikken i Høyanger.

Felgproduksjon ved Saint Jean Wheel Høyanger

STOGG – IGJEN: Felgproduksjonen i Høyanger er på nytt stogga. Årsaka er at ingen vil ha den godkjende felgen til Saint Jean Wheels.

Foto: Saint Jean Wheel Høyanger

Bakgrunnen er at hjulet dei skulle ha starta produksjon av har vore så lenge i marknaden at kundane ikkje lenger etterspør det.

Sju personar blir oppsagde, medan resten av dei 19 tilsette blir permitterte.

– Den planlagde produksjonsstarten av det eine produktet som er godkjent, blir kansellert. Årsaka til det er at sjølve designen på dette hjulet har vore i marknaden i sju-åtte-ni år og reint marknadsmessig gått ut på dato, seier fabrikksjef Ståle Thorbjørnsen.

19 personar blir råka

Ståle Thorbjørnsen

ARKIVFOTO: Stor glede då felgproduksjonen kom i gang att i Høyanger. No blir alle tilsette råka av produksjonsstogg, seier Ståle Thorbjørnsen.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Den franske felgprodusenten starta i 2012 produksjon i lokala til konkursråka Fundo Wheels. Då hadde det gått tre år sidan kring 300 tilsette mista arbeidet ved felgfabrikken.

Styreformannen i Saint Jean Industrier var nyleg i Høyanger. Det vart då gjort avgjerder som får følgjer alle 19 tilsette i form av permitteringar og oppseiingar.

– Sju vil bli sagt opp fordi vi ikkje ser behov for folk før langt ut i neste år. På grunn av permitteringsreglane på 26 veker, så har vi ikkje noko anna val. Resten blir permitterte, seier Thorbjørnsen.

Rådyrt alternativt

Fabrikksjefen fortel at dei etter planen vil starte utvikling av to nye produkt i desember i år. No vil fabrikklokala stå tomme og utan aktivitet i vel eit halvt år.

Thorbjørnsen seier følgjene av situasjonen er at ein må utvikle teknologien på nye framtidige produkt, og at den ordinære produksjonen må vente til tidlegast hausten 2015.

– Det er sørgjeleg. Vi følte at vi var inne i ein god trend, og det er forferdeleg trasig for dei tilsette som dette sjølvsagt er verst for. Men det er rett og slett ikkje noko anna veg, seier han.

– Alternativet var å produsere i eit veldig lite tal, men det blir så dyrt at ein valde å kansellere produksjonsstarten på det hjulet. Kostnadane er så store ved dette, og vi må tilpasse aktivitetsnivået, avsluttar Thorbjørnsen.

Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå
Milliongåve til Redningsselskapet som takk for innsatsen