Hopp til innhold

Få yrkessjåførar har gassmaske i bilen

Berre nokre få transportselskap har gassmasker tilgjengeleg for sjåførane sine.

Per Andreas Øren

UNNATAKET: Per Andreas Øren og Øren Transport har gassmasker i bilane sine.

Foto: Silje Guddal / NRK

Det viser ein ringerunde NRK har gjort. Brannen i Gudvangatunnelen gjer at ekstrautstyr som gassmasker vert diskutert.

Hos Øren Transport i Høyanger har sjåførane eingongsgassmasker liggande i bilane. Tanken er at sjåførane då lettare skal kome seg ut frå ei eventuell tunnelulukke, seier dagleg leiar Per Andreas Øren.

– Å snu eit vogntog inne i ein tunnel er ikkje så lett i dei tunnelane vi har. Då kan dei ta på seg gassmaska som ligg lett tilgjeneleg i bilen, og så gå over i ein personbil og kome seg ut.

– Absolutt relevant

Av fire større transportselskap NRK har vore i kontakt med, er Øren det einaste som har investert i masker. Men Gitle Sande i Nistad Transport i Gaular seier dei no vil vurdere å kjøpe gassmasker.

– Det er absolutt relevant, og spesielt når du ser kor fort ulukkene skjer rundt om i vår tunnelverd.

Nistad-trailer

FÅR TRULEG MASKER: Bilane til Nistad Transport er ikkje utstyrte med masker, men no vurderer leiinga å kjøpe.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Auka respons etter ulukkene

Dagleg leiar Ole Petter Heggestad i selskapet PGP på Hafslo har merka auka interesse for utstyret etter tunnelulukka tysdag.

– Vi introduserte denne fluktmaska til våre kundar i vår. Responsen då var så som så, men vi ser no at når fleire ulukker skjer i dette tunnelfylket vårt blir vi kontakta igjen med ein gong.

Arild Petter Søvik i Vegdirektoratet seier risikoen for å få bruk for ei gassmaske er liten.

– Til no har ikkje Statens vegvesen gått ut med noko tilråding om slikt utstyr, men vi fylgjer med på den teknologien som finst på marknaden og vurdereR denne type tiltak fortløpande.