Opplæringsdirektør i fylkeskommunen, Hans Peder Vibe, seier dette dessverre er ein vanleg situasjon. Han trur det skuldast at stillinga som rektor er svært tøff og krevjande. Rektor kjem ofte mellom barken og veden, med forventningar frå både tilsette, elevar og samfunnet rundt.
- Må få betre vilkår
Men det er slettes ikkje berre her i fylket at svært få har lyst til å prøve seg som rektor. For over heile landet skal det ifølgje Vibe vere vanskar med å rekruttere folk til stillinga som sjef på skulane.
Vibe trur ikkje at betring av dei økonomiske vilkåra ville hjelpe. Lønna er ikkje så verst, men det som kan bli betre er oppfølging med kompetanseheving og meir permisjonar i løpet av yrkeskarrieren, seier han.
- Gode kandidatar
Vibe seier dei også har prøvd å løyse problemet med å bruke profesjonelle rekrutteringsbyrå, men blanda erfaringar gjer at dei har gått vekk ifrå det. I alle høve seier han dei no har fått gode kandidatar blant dei få søkjarane på Hafstad og Firda Vidaregåande Skule slik at det ikkje vil bli ei ny runde.