Normal

Få vil bli lensmenn og politibetjentar forsvinn

Politiet i Sogn og Fjordane har store utfordringar med å fylle stillingar og få tilsette til å bli verande.

Ronny Iden

UTFORDRANDE OPPGÅVE: Visepolitimeister Ronny Iden i Vest politidistrikt seier politiet i Sogn og Fjordane lenge har hatt problem med å få søkjarar til lensmannsstillingar.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Den siste tida har det blitt søkt etter to lensmenn i Sogn og Fjordane. I Bremanger var det ein søkjar til stillinga og ved Førde og Naustdal lensmannskontor var det to.

– Det er få som søkjer leiarstillingar i vårt politidistrikt, og for så vidt mange andre stader i politi-Norge. Det er krevjande å vere leiar og dei låge søkjartala reflekterer dette, seier visepolitimeister i Vest politidistrikt, Ronny Iden.

Stor utskifting

Han seier dei ofte får godt kompetente søkjarar, men låge søkjartal har lenge vore eit problem.

Samstundes er det stor utskifting av politibetjentar. I Bremanger skal dei no vurdere om dei skal lyse ut éi eller to stillingar som politibetjentar.

– Det er veldig enkelt å få søkjarar til grunnstillingar, men utfordringa vår har vore at det har vore stor utskifting, seier Iden.

Det er ikkje mange år sidan politiet i Sogn og Fjordane hadde problem med å fylle også desse stillingane. No er dette snudd, men samstundes er det, ifølgje Iden, også relativt lett å få seg jobb i meir sentrale strok etter å ha bygd seg opp erfaring ved mindre kontor. Dette kan vere ei av fleire årsaker til stor utskifting, meiner Iden.

– Mange ungdommar ønskjer seg til større arbeidsmiljø, politidistrikt som har andre typar utfordringar. Og så er det ein generell trend at mange ungdommar vil til byane.

Har trua på større einingar

Iden har tru på at dei større politieiningane som er venta, vil løyse mykje.

– Då vil vi få større arbeidsmiljø og betre moglegheiter til spesialisering. På den måten vil ein også få meir attraktive arbeidsplassar, og det trur vi vil gi større stabilitet.

Dette er ikkje leiaren i Politets Fellesforbund i Sogn og Fjordane, heilt samd i.

– Det er blitt sagt at folk ønskjer fagmiljø, men vi kan sjå på politistasjonen i Florø. Der er litt turn-over blant dei unge der også, så eg er ikkje heilt sikker på at storleiken betyr så mykje, i alle fall ikkje alt, seier Kjetil Drange.

Skuldar delvis på reforma

Kjetil Drange

UVISSE: Tillitsvald Kjetil Drange meiner politreforma har delvis skulda for låge søkjartal.

Foto: Politiet

Han trur ein del av årsaka til låge søkjartal på lensmannsstillinga er uvisse i samband med politireforma. Men han held fast ved at mange ønskjer jobb på små plassar, og at det må gjerast meir attraktivt.

– Har leiinga vore flinke nok til dette?

– Eg skal ikkje seie om dei har vore flinke eller ikkje, men eg trur det er viktig å sjå på kva ein faktisk har gjort for å gjere det attraktivt.

– Det handlar om å tilby kursing og gi karrierevegar. Ein må kunne sjå framover og noko å strekkje seg etter.

Vegopning på Bergum i Førde kommune