Hopp til innhold

Nokre få tusenlappar per kommune kan hjelpe fleire offer for seksuelle overgrep

Senter mot Incest og Seksuelle Overgrep (Smiso) har stor pågang, og treng fleire tilsette. Dei ber kommunane om meir pengar, og får støtte frå KS.

Chatrine Elholm

1 KRONE: Berre ei krone per innbyggar vil gjere at Senter mot Incest og Seksuelle Overgrep og dagleg leiar Chatrine Elholm kan tilsette ein ekstra person.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Incestsenteret gjer ein veldig viktig jobb, og det er gode resultat av arbeidet dei gjer, seier Jenny Følling, leiar i Sogn og Fjordane KS.

Difor har dei no sendt eit brev til dei 25 kommunane i fylket som støttar Smiso med fire kroner per innbyggar. Dei ber kommunane gi ei krone ekstra per innbyggar.

– KS har behandla dette som sak, og anbefalt kommunane om å auke si støtte, seier Følling.

Treng pengane for å halde kvaliteten

Jenny Følling

STØTTAR: KS og leiar Jenny Følling skryt over jobben incestsenteret gjer.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Summen av ei krone per innbyggar blir berre 110.000, men det vil samstundes utløyse eit statleg tilskot på 435.000 kroner. Til saman vert det nok til ein ekstra tilsett.

– Dersom vi skal kunne gi det same tilbodet og den same kvaliteten som i dag, treng vi å auke bemanninga på senteret, seier Chatrine Elholm, dagleg leiar på Smiso.

Senteret gir eit gratis tilbod om hjelp til menneske som har traume etter incest og valdtekt. Sidan dei opna i 2012, har dei i gjennomsnitt fått ein ny brukar kvar dag. No ser Elholm at dei treng meir pengar for å kunne ta i mot fleire brukarar.

– Vi har hatt veldig stor pågang både frå brukarar, hjelpeapparat og fagmiljø i fylket, seier Elholm.

– Ikkje mange tusenlappar

Oddmund Klakegg

IKKJE MYKJE: Klakegg seier det ikkje vil utgjere mange tusenlappar for Jølster å støtte senteret.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Oddmund Klakegg, ordførar i Jølster, kan ikkje sei om dei vil gi meir, men ser at det er svært lite senteret ber om.

– Det er ikkje ein stor sum, og ser ein isolert på Jølster er ikkje dette mange tusenlappar. Dette kan løyse ut mykje statlege midlar, seier Klakegg.

Dagleg leiar Elholm på Smiso, håpar Klakegg og dei andre ordførarane vil finne pengar i kommunekassen.

– Vi tenkjer at vi er eit veldig rimeleg og viktig tilskot til helsetilbodet i fylket, og at det er ei billeg investering for kommunane, seier Elholm.