Hopp til innhold

1 av 4 har svart på helseundersøking

Berre 26 prosent har svart på helseundersøkinga etter Sløvåg-eksplosjonen. No blir undersøkinga kanskje avslutta.

Vest Tank

FÅ HAR SVART: Berre 26 prosent har svart på helseundersøkinga til Haukeland universitetssjukehus.

Foto: Kåre Næss

– Det er viktig for oss at alle som har fått skjema fyller det ut og returnerer det til oss snarast råd, seier prosjektleiar Bjørg Eli Hollund ved Yrkesmedisinsk avdeling ved Haukeland universitetssjukehus.

Haukeland har fått så dårleg respons frå innbyggjarane i Gulen at dei kanskje må avslutte helseundersøkingane dei sette i verk etter eksplosjonen ved Vest Tank sine anlegg i Sløvåg i 2007.

– Dårlegare enn forventa

Helseundersøkingane skal danne grunnlaget for ei planlagd undersøking i 2012. Men utan meir engasjement frå innbyggarane må dei avlyse dette.

– Responsen så langt mykje lågare enn det vi forventa, seier Hollund.

Dersom ein ikkje får respons frå deltakarane, som er arbeidstakarane i Sløvåg industriområde og innbyggjarane i Gulen og Masfjorden, kan ikkje Haukeland konkludere.

– I verste fall må ein avslutte heile undersøkinga, seier Hollund.

God oppslutnad i 2008

Avdelinga gjennomførte ei stor helseundersøking i 2008 og då svarte 74 prosent av dei spurde.

Den gong konkluderte Yrkesmedisinsk avdeling med at innbyggjarane nær Sløvåg og arbeidstakarane i Sløvåg rapporterte fleire helseplager i samband med eksplosjonen enn dei som budde lengre borte.