Hopp til innhold

Museumsdirektør: «Ikkje ein gong folk frå Førde veit at vi har eit kunstmuseum her»

Kunstmuseet i Førde slit med besøkstala i sommarmånadene. Det nye museet, som kosta 93 millionar, opna i fjor haust. Det blir for stille i Førde om sommaren, meiner museumsdirektør Morten Johan Svendsen.

Sogn og Fjordane kunstmuseum

FÅ BESØKANDE: Museumsdirektøren er nøgd med ti besøkande om dagen.

Foto: Skisse utlånt frå Sogn og Fjordane fylkeskommune

– Det som er spesielt med Førde, er at når folkemusikkfestivalen er slutt, så pakkar heile Førde saman og tek ferie. Då er det ikkje mange som går på museum, seier Svendsen.

Det er ikkje mange å sjå på kunstmuseet i Førde når NRK er der ein måndag føremiddag. Om sommaren er dei godt nøgde dersom dei har ti besøkande på éin dag, fortel museumsleiar Morten Johan Svendsen.

Uheldig for Førde

– Vi har jo merka mindre trafikk i sentrum i siste halvdel av juni, men vi har hatt nokon her kvar dag. Men det kunne sjølvsagt vore fleire, seier Svendsen.

Museumsleiaren meiner det er for få som veit at kunstmuseet i det heile tatt eksisterer.

– Det er mange turistar som syns det er kjekt å besøke museum når dei er ute å reiser. No har ikkje vi vore her lenge, men etter kvart som det blir kjent at det er eit kunstmuseum i Førde trur eg mange fleire vil besøke oss. det er nok mange som ikkje har fått med seg at det finst eit kunstmuseum i Førde, eg trur til og med at det er mange i Førde som ikkje har fått det med seg, fortel Svendsen.

Kommunalsjef, Trond Ueland i Førde kommune, seier det er synd at så få nyttar tilbodet.

– Eg tenkjer at det er uheldig for Førde. Det er uheldig fordi dette er kunstmuseet i Sogn og Fjordane. Det er eit av dei nyaste og flottaste kunstmuseet i Noreg, seier Ueland.

(Artikkelen held fram under biletet)

Morten Johan Svendsen under opninga av Sogn og Fjordane kunstmuseum i Førde

SKULLE GJERNE HATT FLEIRE BESØKANDE: Museumsdirektør, Morten Johan Svendsen, dei er godt nøgde med ti besøkjande på éin dag.

Foto: Alf Vidar Snæland

Vil sjå natur, ikkje kunst

246 000 turistar overnatta i sunnfjordkommunane Førde, Naustdal, Gaular og Jølster i fjor. Likevel er det få av desse som nyttar kunstmuseet og Førde sentrum på dagtid. Mirela Puscoi som er tilsett på turistinformasjonen i Førde, seier turistane ikkje kjem til Førde for å sjå kunst.

– Turistar som kjem hit til turistinformasjonen vil vite kva dei kan gjere ute i naturen. Dei er ikkje interessert i å vere inne på eit museum, seier Puskoy.

Men kommunalsjefen meiner potensialet er stort for å utvikle Førde som ein kulturdestinasjon. Då tenkjer han på Førdefestivalen, Teateret, Sunnfjord museum og kunstmuseet, seier han.

– Det å føre desse kunstinstutisjonane saman, og førske å få eit betre og tettare samarbeid syns eg vi skal ta initiativ til. Men alle må sjølvsagt ta ansvar for sitt eige område. I tillegg må kommunane legge til rette for eit attraktivt sentrumsområde, seier Ueland.