NRK Meny
Normal

Få sjukepleiarar vil jobbe i kommunane

Kommunane er lite attraktive for nyutdanna sjukepleiarar. – Det er ikkje like spennande som å jobbe på sjukehus, seier sjukepleiarstudent Helene Herøy.

Sjukepleiarstudentane Helene Herøy og Amaile Ludvigsen

BACHELOR: Sjukepleiarstudentane Helene Herøy og Amalie Ludvigsen er midt i oppgåveskrivinga, men det er ikkje jobb i kommunane dei ynskjer seg først og fremst.

Foto: Eli Eikenæs Vengen / NRK

Kommunane tek imot stadig fleire og sjukare pasientar, men manglar kompetanse.

Dårleg oppfølging, manglande fagmiljø og auka arbeidspress gjer at sjukepleiarstudentar som Helene Herøy og Amalie Ludvigsen heller søkjer seg til sjukehusa.

– Eg er førebels ikkje så interessert i å arbeide på ein sjukeheim. Det er mykje det same heile tida og ikkje noko variasjon, seier Herøy.

Vil til sjukehus

Dei to sjukepleiarstudentane er midt i arbeidet med å skrive bacheloroppgåva, men er allereie fast bestemt på kvar dei vil jobbe når studietida er over; på sjukehuset.

Herøy på akuttmottaket, Ludvigsen på kreftavdelinga.

– Eg ynskjer å ta vidareutdanning innan kreft, og då er det greitt å jobbe på ein relevant stad, seier Ludvigsen.

Oddgeir Lunde

UROA: Oddgeir Lunder er uroa, men har forståing for at få sjukepleiarar vil jobbe i kommunane. – For dei som skal ta imot pasienten så er det heile tida eit race å prioritere mellom dei veldig mange pasientane dei har ute. Og det er harde prioriteringar, seier han.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Utviklinga uroar fylkesleiar for sjukepleiarforbundet, Oddgeir Lunde. I fjor la forbundet fram ei undersøking som viste at berre sju prosent av dei nyutdanna sjukepleiarane har sjukeheim som førsteval når dei søkjer jobb.

Dårleg oppfølging

Sarah Terese Osland, instituttleiar ved sjukepleiarutdanninga, meiner større kommunar kan vere eitt verkemiddel for å få studentane til kommunane.

– Eg tenkjer at det er viktig å tenkje litt større einingar der sjukepleiarane kan få større fagmiljø. Mange av kommunane i Sogn og Fjordane er små. At ein ofte står åleine i komplekse situasjonar gjer at ein tenkjer ein treng meir erfaring i eit anna miljø før ein går ut i kommunane, seier ho.

Tvingar fram endringar

Men Samhandlingsreforma og satsing på helsefremjande arbeid i nærmiljøet tvingar fram endringar. Og det fort. For kommunane skal få fleire oppgåver og mellom anna ta seg av pasientar som skal skrivast ut tidlegare enn før frå sjukehus .

  • Les også:

Lunde seier det er kommunane si lommebok og størrelse som avgjer korleis dette går.

– Når ein ikkje har nok kvalifisert personell, så er det jo det som er utgangspunkt for det tilbodet kommunen kan gi, seier han.

Kvar tredje er ufaglært

Ingen veit kor mange hender det vil vere behov for i framtida. I dag er ein tredjedel av dei som yter helsehjelp i kommunane ufaglærte.

Og Lunde ynskjer ikkje at det skal bli fleire av dei.

– Ein håpar ikkje det, for kompetansen må styrkast i kommunehelsetenesta. Det er på ein måte ikkje noko moglegheit, avsluttar han.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.