NRK Meny
Normal

Få nye fylkesveganlegg

Når vegarbeidet mellom Olden og Innvik er ferdig i mars neste år er det lite nytt som skjer med fylkesvegane i Sogn og Fjordane.

Tunnelopning Innvik-Loen

GJENNOMSLAG: Frå markeringa av gjennomslaget i Vanbergtunnelen på Olden-Innvik i desember 2016.

Foto: Adalheidur Oldeide/NRK

Arbeidet med strekninga Ugla-Skarstein på fylkesveg 60 mellom Olden og Innvik har gått svært godt, og difor blir det opning alt tidleg i mars 2018.

– Det er tre-fire månader tidlegare enn planlagt, så det er kjempemessig, seier Dina Lefdal, som er direktør for samferdsle i Sogn og Fjordane fylkeskommune.

– Har stått på

Ho seier at det har vore eit godt samarbeid mellom Statens vegvesen og entreprenøren, Kruse Smith AS..

– Det har vore ein entreprenør der som verkeleg har stått på for å få arbeidet unna, så dette har vore eit skikkeleg gladprosjekt for oss.

Det var gjennomslag i den 1,2 kilometer lange Vanbergtunnelen i desember 2016. I tillegg blir det bygt 4,1 kilometer veg i dagen. Kostnaden er om lag 378 millionar kroner.

Dina Lefdal

– LITE TIL NYINVESTERING: Direktør for samferdsle, Dina Lefdal.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Men utanom Olden-Innvik har ikkje Dina Lefdal så mange nye vegprosjekt å gle seg over på fylkesvegnettet.

– Nei, akkurat no har vi ikkje mange større prosjekt i kjømda. Vi skal starte eit rassikringsprosjekt ved Kleiva på Stadlandet, der vi skal byggje ein liten tunnel. Så håpar vi at vi etter kvart kan sette i gang med rassikring av Flovegen i Stryn. Men den er ikkje heilt fullfinansiert enno.

– Bekymringsfullt

I fjor var det mykje snakk om at Sogn og Fjordane fylkeskommune dei komande åra får mykje mindre å rutte med. Dina Lefdal seier at dette ikkje har hatt så stor innverknad på 2017.

– Vi har det framleis hengande over oss at inntektene skal gå ned, og det er bekymringsfullt når det gjeld satsinga framover. Vi merkar ikkje veldig mykje til det i 2017, sett bort frå at vi ikkje har veldig mykje pengar til investeringar. Men til drift og vedlikehald har vi greidd å halde oss på same nivået som før.

Til saman har fylkeskommunen 1388 millionar kroner til bruk til samferdsel i 2017, av dette er 383 millionar til investeringar. Her er noko av det som det blir brukt pengar på:

  • Fv 53 Årdal-Tyin: Ny brøytestasjon Holsbru (bygging i 2018)
  • Fv 614/fv 577 Myklebust
  • Fv 622 Nordfjordeid-Torheim, Hundeidbrua
  • Trafikktryggingstiltak, m.a. rekkverk
  • Skredsikring fv 633 Kleiva i Selje
  • Skredsikring fv 242 Skjerdalsbergi i Aurland
  • Skredsikring fv 53 Eldegardsbergi i Årdal
  • Sikring av Eikeneskrysset på fv 609 i Askvoll
  • Oppgradering av Høyangertunnelen, Kvernahugtunnelen, Røneidstunnelen, Ottatunnelen, Råumstunnelen og Hovdetunnelen, alle på fv 55
  • Oppgradering av Osstrupen bru på fv 542 Eikefjord-Stavang
  • Planlegging av m.a. Førdepakken, fv 481 Førde sentrum-Slåtten skule og bru frå Førdehuset til E39 Hafstad.
Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå