Normal

Få med deg opningskonserten på Førdefestivalen

FØRDE (NRK): Laurdag blei opningskonserten under Førdefestivalen sendt i beste sendetid på NRK1. Her kan du sjå den i nett-TV.

Opningskonsert frå Førdefestivalen. Internasjonale og norske artistar står på same scene når Førdefestivalen presenterer sin opningskonsert frå Førdehuset. Festivalen samlar kvart år nærare 300 artistar frå over 20 land til 100 arrangement. National Geographic har plassert festivalen på si liste over verdas sju beste festivalar. Programleiar er artisten Sigrid Moldestad. Temaet i år er World ConneXions.
FRIKAR, Fiddlers'bid, Emilia Amper, Unni Løvlid, Catrin Finch m.fl.

PRIMETIME: Førdefestivalen var laurdagsunderhaldninga på NRK1.

Sju TV-kamera og ein heil haug med produksjonsfolk var i sving for gjere Førdefestivalen til laurdagsunderhaldning på NRK1.

Torsdagens opningskonsert er via 44 minutt i beste sendetid og det er NRK Sogn og Fjordane som står for produksjonen.

Konserten er den aller største under den internasjonale folkemusikkfestivalen. Salen i Førdehuset var fylt opp med om lag to tusen publikumarar og ei mengd artistar var i aksjon på scena.

Programleiar er artisten Sigrid Moldestad frå Breim, som òg hadde ansvaret for å sette saman den musikalske menyen. Blant artistane finn vi namn som FRIKAR, Fiddlers'bid, Emilia Amper, Unni Løvlid og Catrin Finch.

Mange av artistane som skal på scena har aldri spelt saman før og mange av låtane er aldri framført tidlegare.

Førdefestivalen samlar kvart år nærare 300 artistar frå over 20 land til 100 arrangement. National Geographic har plassert festivalen på si liste over verdas sju beste festivalar.

I år er temaet Connexions, der fellesskapet mellom musikk og musikarar i verda står i høgsetet.

Vegopning på Bergum i Førde kommune