NRK Meny
Normal

«Eg har ikkje lyst til å dele opp i kristne eller ikkje-kristne velgjarar»

Den røynde KrF-politikaren Trude Brosvik frå Gulen var først ut blant toppkandidatane til å bli spurt ut direkte i NRK Sogn og Fjordane. Her er nokre av dei beste sitata vi plukka frå utspørjinga.

Trude Brosvik

VALUTSPØRJING: Trude Brosvik vart spurt ut om konsekvensane av KrF sin politikk for fylket.

Foto: Per Kristian Grimeland / NRK

Vallogo

Om regjeringssamarbeid og fylkespolitikken:

«I den daglege politiske kvardagen i Sogn og Fjordane, så ser eg jo det at vi i KrF i langt større grad har vore einige med Senterpartiet og Arbeidarpartiet enn med i alle fall Frp. Vi kjem nok til å følgje opp det, og vi kjem nok til å først prøve å få til eit samarbeid med Ap, Sp og SV.»

«Det som er dilemmaet er ofte at du forhandlar for å gjere mindre skadelege vedtak enn om ein berre sa nei og så har Høgre og Frp likevel fleirtal i lag med Venstre. Det blir veldig utydeleg for veljarane og det er klart at eg som fylkesleiar har nok vore svært kritisk til samarbeidsavtalen og det som kjem ut av det.»

Få med deg heile utspørjinga av fylkesleiaren i KrF, Trude Brosvik, før årets kommune- og fylkestingsval.

HEILE UTSPØRJINGA: Her kan du få med deg heile utspørjinga av Trude Brosvik.

Om homofilt ekteskap i kyrkja:

«Der har eg veldig respekt for at kyrkja har sitt eige val. Det er rart at mange politikarar hiv seg på den med at dei skal meine kva kyrkja skal meine. Det som er positivt med sånne klare ja / nei-spørsmål er at vonleg aukar då valoppslutninga om kyrkja. Men dette er noko kyrkja skal ta stilling til, og eg synest det er feil at eg som stiller til eit fylkestingsval skal gå ut og seie at du må stemme sånn eller sånn.»

Laster Twitter-innhold

Om kristne veljarar:

«Eg har ikkje lyst til å dele opp i kristne eller ikkje-kristne veljarar. Vi heiter Kristeleg folkeparti fordi vi blei skipa som det, og så er vi heller ikkje flaue for at det er det kristne verdisynet vi byggjer vår politikk på. Det ligg som ein grunnvoll.»

Om kutta i fylkeskommunen sin økonomi:

«Det aller først vi vil gjere, som vi lova veljarane våre er at vi skal jobbe det vi klarar for at kuttet skal bli så lite som mogleg. Der kan det kome godt med å vere eit samarbeidsparti med regjeringa, for vi må få på plass meir pengar gjennom inntektssystemet.»

Laster Twitter-innhold

«Vi har også ein moglegheit til å selje seg ut av enkelte eigarskap for å ta ned lånegjelda som er ganske høg i Sogn og Fjordane. Dermed så sparar ein inn avdrag og renter som du kan bruke til drift. Vi har sagt at vi vil behalde eigarskapen i SFE, resten ser vi på.»

Om skulestrukturen i fylket:

«Eg vil prøve å halde den desentraliserte skulestrukturen som vi har i fylket. Den er viktig for oss fordi vi alt har mange elevar som bur på hybel.»

«Det er veldig sært når ein bur rett ved Fensfjorden og så ser du over til skulen og så skal du ikkje få gå på den skulen. At du får velje på tvers av fylkesgrensene når du bur slik til, må vi få til.»

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser