Få med deg den siste debatten

Erlend Blaalid Oldeide losar deg gjennom den siste fylkesdebatten med stortingskanditatane her på NRK.no.

Paneldebatt mellom toppkandidatane frå Sogn og Fjordane til Stortinget.

SJÅ DIREKTE: Erlend Blaalid Oldeide skal leie den direktesende debatten på NRK.no.

Har du ikkje bestemt deg for kva du vil stemme på måndag? Då har du ein siste sjanse til å sjå listetoppane frå Sogn og Fjordane i debatt om viktige tema for fylket fredag ettermiddag.

NRKs Erlend Blaalid Oldeide leiar debatten, som blir sendt direkte på radio og i nett-TV på NRK.no. Du kan sjå overføringa i videospelaren øvst i saka.

Debatten blir sendt direkte frå klokka 15:00 og varer fram til klokka 16:30.

I panelet er listetoppane Ingrid Heggø (Ap), Bjørn Lødemel (H), Trude Brosvik (KrF), Frank Willy Djuvik (Frp), Vibeke Johnsen (SV), Sveinung Rotevatn og Tor Øyvind Westbye (MDG). I tillegg stiller Jenny Følling (Sp) i panelet i staden for partileiar Liv Signe Navarsete.