Hopp til innhold

Fylkesordføraren ser ingen lyspunkt i statsbudsjettet

Frank Willy Djuvik (Frp) avlyser krisa for fylkeskommunen, men fylkesordføraren meiner dèt vert «å kaste blår i auga på folk».

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes

KJEM DÅRLEG UT: Fylkesordførar Åshild Kjelsnes (Ap) meiner fylkeskommunen kjem dårlegare ut enn dei først trudde etter at ho no har lese framlegget til statsbudsjettet for 2015.

Foto: Arne Stubhaug / Arne Stubhaug, NRK Sogn og Fjord

– Den blå regjeringa har no lagt fram eit budsjett som har ein distriktsfiendtleg profil. Både når vi ser på tala for kvar enkelt kommune i fylket vårt, men òg i forhold til fylkeskommunen som samla sett faktisk kjem dårlegare ut enn det vi trudde då vi var samla i sommar til fylkestinget, seier fylkesordførar Åshild Kjelsnes for Arbeidarpartiet.

Medan Frank Willy Djuvik, fylkesgruppeleiar i Framstegspartiet, seier det tvert motsette, nemleg at fylkeskommunen kjem godt ut.

– No ligg det ei nominell vekst i dei frie inntektene til fylkeskommunen i tillegg så dekker ein inn ei rekke av dei skisserte kutta gjennom dei nye overføringane på fylkesvegar. No er vi i ein situasjon der vi går i pluss i staden for i minus, seier han.

LES MEIR OM STATSBUDSJETTET HER:

Ikkje noko lyspunkt

Kjelsnes på si side stiller spørsmål ved om Djuvik har lese det same budsjettet ho sjølv har lese.

– Det som er realiteten er at tapskompensasjonen har gått ned i staden for opp, og det var eitt av dei kriteria som vi veldig tidleg spelte inn at det gjekk an å gjere noko med, seier Kjelsnes som snakkar om tapskompensasjonen for det endra inntekts grunnlaget til fylkeskommunen.

I fylkeskommunen har det vore uro over kutta på 230 millionar kroner dei står ovanfor dei neste fem åra. I statsbudsjettet kjem det ikkje noko ekstra kompensasjon for dei kutta. Fylkesordføraren legg til at det manglar 12 millionar for å kunne kompensere vanleg lønns- og prisvekst.

– Det tykkjer eg heller ikkje er noko særleg til lyspunkt, seier Kjelsnes.

Bør ta opp lån

Frank Willy Djuvik

VIL GÅ BRA: Frank Willy Djuvik, fylkesleiar for Frp seier fylkeskommunen kjem godt ut av det i framlegget til statsbudsjett.

Foto: Alf Vidar Snæland

Fylkeskommunen har 2 milliardar kroner i gjeld, Djuvik meiner det likevel vil vere lurt å ta opp lån. Eit lån på nærare 120 millionar kroner som dei kan ta opp gratis.

– Ein må skilje mellom dei låna som fylkeskommunen tar opp, som dei må betale avdrag og renter på, og lån som dette som dei kan ta opp utan å betale renter. Her dekker staten alle rentekostnadar. I tillegg gir ein auka midlar til fylkesvegane som òg gir oss rom til å dekke kapitalkostnadane, seier Frp-politikaren.

– Den store gjeldsbyrda i eit lån, det er avdraga. Vi har ei veldig låg rente for tida, så det er ikkje det som er utfordrande, det er sjølve avdraga. Dei vil vere der uavhengig om du får dekka rentekostnadane, forklarar Kjelsens.

Ho meiner at med den gjeldsbyrda fylket allereie har, så er det etter hennar syn uansvarleg å auke den vidare. Det vil i så fall bety i neste omgang at innbyggjarane vil få eit enda dårlegare tilbod fordi det vil vere vanskeleg å kunne handtere gjelda, meiner ho.

– Freidig av regjeringa

– Akkurat det same var oppe ved budsjetthandsaminga i fjor. Den gongen var det eit klart fleirtal som hadde same meining som eg har no. Nemleg at vi ikkje har evne til å kunne ta opp meir gjeld.

– Går ein ikkje då glipp av heile gevinsten ved å kunne gjere meir på fylkesvegane om ein ikkje tek opp desse låna?

– Ja, men eg tykkjer det er ganske freidig å skulle byggje ut fylkesvegnettet på den måten. Viss regjeringa verkeleg meinte noko med den satsinga, som dei hevdar så hardt at dei har på samferdsle, så burde dei auke løyvingane til fylkesvegane med friske midlar, meiner Kjelsnes.

Djuvik meiner at dei i realiteten kan hente ut 116,7 millionar kroner i neste år i investeringane på fylkesvegane, og likevel ha driftsmidlar til overs etter den veksten som kjem no.

– Det betyr at vi ikkje har ekstrakostnadar i fylkeskommunen, vi har faktisk ekstra inntekter som kan brukast på dei moglegheitene som ligg der. Eg har veldig stor tru på at dette kjem til å bli veldig bra. Hugs at dette berre er det første statsbudsjettet vårt av fire. Så vi har mange milliardar att til vegane enda, og til Sogn og Fjordane, seier han.

– Skulle berre mangle

I framlegget til statsbudsjett kjem det 65 millionar kroner til å ruste opp, og sikre tunnelar på fylkesvegane i fylket. Dette meiner Kjelsnes er ei rein kompensasjon for meirutgifter som kjem for å oppfylle krava i forskrifta til tryggleikstiltak som kjem i 2019.

– Så det skulle berre mangle. Det vil bety at vi får dekka utgifter til nokre tunnelar for å kunne oppfylle dei forskriftene, men eg er langt ifrå sikker på at det betyr at vi får rusta opp alle til å dekke forskrifta. I tillegg så veit vi at vi har eit etterslep på tunnelvedlikehald på 2,6-2,7 milliardar.