Hopp til innhold

Få kvinner på festivalscenene i fylket

På Malakoff rockfestival har 6 av dei rundt 30 artistane og gruppene kvinnelege medlemmar.

Highasakite på Malakoff

MALAKOFF: I 2016 vitja Highasakite Malakoff på Nordfjordeid.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Melodi Grand Prix jr. vinnarane Anna og Vilde er unntaket, ikkje regelen på Malakoff rockfestival.

Det er få kvinnelege artistar å velje mellom, meiner festivalsjef Arnt-Vidar Naustdal.

– Hovudutfordringa vår er at vi driv i rockesjangeren. Det er stor overvekt av mannlege medlemmer i band, som vi bookar mest av. Vi ynskjer å booke fleire jenter, men det er rett og slett færre alternativ å velje mellom, seier Naustdal.

Festivalane må vere villig til å tenke breiare enn før for å få balanse i kjønn på scena, seier festivalsjef i Feminalen i Trondheim, Ragni Nergård.

– Ein ser ofte at festivalar kan gjere ein veldig mykje større innsats for å vise fleire kjønn på musikkscena, seier Nergård.

Gunn Guddal og Arnt-Ivar Naustdal

MALAKOFF: Gunn Guddal og Arnt-Vidar Naustdal arrangerer rockefestivalen Malakoff

Foto: Harald Kolseth / NRK

Finnes kvinner i musikken

Feminalen er den einaste festivalen i Norge som berre har kvinnelege artistar på scena.

– Det er kanskje litt same unnskyldningar år etter år om at det ikkje finst kvinnelege band. Men det gjer det jo. Vi får jo til å fylle festivalen, seier Nergård.

Festivalane kan få opp delen av kvinnelege artistar dersom dei er bevisst på at dei ynskjer det i bookingprosessen, meiner Nergård.

– Ein må diskutere det innanfor festivalen at ein ynskjer det. Slik at det blir fleire damer på scenen, og det ikkje blir ein spesiell greie at det står ei dame på scena og spelar rock.

Utkant siktar på 40 prosent kvinnelege artistar

I Skjerjehamn blir Utkantfestivalen arrangert 27.–30. juli. Der er 30 prosent kvinner på scena i løpet av festivalen.

– Vi har hatt eit bevisst forhold til at vi ynskjer å løfte kvinnelege artistar opp og fram. Då må dei synest. Men i år har vi hatt litt stong ut, og ikkje fått alle bookingane vi ynskja oss, seier festivalsjef Viggo Trandal.

Utkantfestivalen 2015

Skjerjehamn: Utkantfestivalen lokkar til seg tusenvis for musikkoppleving i havgapet.

Foto: Gøril Sætre / NRK

Dei brukar å sikte på ein del på 40 prosent kvinner på scena. Men det er ikkje lett når festivalen satsar på rockemusikk.

– Ting endrar seg ikkje over natta. Det er framleis fleire gutar enn jenter som satsar på rockemusikk, seier han.

Dei rundt 12.000 besøkande får oppleve blant anna tromsø-jenta Dagny, det lokale bandet Indigo Child, britiske Biffy Clyro og norske Karpe Diem.

Les også: