Hopp til innhold

Få Julelutt rett inn i stova di

Julaftan kan du igjen sjå Julelutt frå Sogndal kulturhus på NRK1 klokka 21.50.

Einar Bolstad opna Julelutt konserten og Eva Weel Skram og Knut Skram syng duett.

Konserten skulle opphavleg sendast berre på sjølvaste julekvelden og 1. juledag, men NRK valde alt å tjuvstarte med ei ekstra framsyning måndag kveld.

Så viss du ikkje var ein av dei heldige som fekk med seg to konsertar i Sogndal kulturhus, for ei lita veke sidan, så fortvil ikkje. Framleis kan du benke deg i godstolen og få både Tone Damli og Eva Weel Skram og ei rekkje andre kjende artistar frå Sogn og Fjordane rett inn i stova di.

– Dette er utruleg kjekt, seier prosjektleiar for Julelutt, Stian Sjursen Takle.

Fekk syngje med onkelen

I årets Julelutt fekk Sogndals-jenta Eva Weel Skram oppfylt ein gammal draum om å syngje duett med onkelen Knut Skram.

Sjursen Takle er svært godt nøgd med årets Julelutt.

– Det er eit heilt fascinerande program. At du får høve til å oppleve så mange og ulike artistar på same scene, er unikt, seier Sjursen Takle.

Det er åttande år på rad at NRK arrangerer Julelutt.