Seksjonsoverlege Inger-Marie Juel gir eit dårleg busstilbod og stor avstand til Førde mykje av skulda. For kvinner i Aurland og Gulen er det kortare å reise til Bergen enn til Førde.
Ikkje planar om buss
Trass i dårleg oppmøte har ikkje sjukehuset planar om ein omreisande mammografibuss. Ei slik ordning eksisterer i Hordaland.
Undersøkingane ved Førde sentralsjukehus er del av eit nasjonalt mammografitilbod til kvinner mellom 50 og 69 år. Kvinnene blir innkalla med to års mellomrom.