Hopp til innhold

Få fødselsskadar ved sjukehuset

Førde sentralsjukehus er mellom dei aller beste sjukehusa i landet på ein statistikk over fødselsskadar.

Førde sentralsjukehus, Nordfjord sjukehus

PÅ TOPP OG BOTN: Medan sentralsjukehuset i Førde er mellom dei beste sjukehusa i landet på ein statistikk over fødselsskadar, kjem Nordfjord sjukehus ut i den andre enden av skalaen.

Foto: NRK

Så langt i år har om lag 1000 kvinner i Norge fått alvorlege rifter etter fødsel, eller såkalla perinealruptur, skriv abcnyheter.no.

Den ferske statistikken frå Medisinsk fødselsregister syner at det er store skilnader mellom dei ulike sjukehusa i Norge:

På nokre sjukehus opplever kvinnene alvorlege revningsskadar dobbelt så ofte som ved andre sjukehus.

LES OGSÅ:

Nordfjord i den andre enden

Av dei største sjukehusa er det fødeinstitusjonane på Elverum, Haukeland og St. Olavs hospital i Trondheim som kjem dårlegast ut.

I den andre enden av skalaen kjem sjukehusa i Førde, Levanger, Stavanger, Tromsø og Syhehuset Østfold best ut:

Ved desse sjukehusa fekk berre om lag éin prosent av kvinnene slike skadar etter fødselen.

Av totalt 625 fødslar i Førde til no i år, har fem enda med skadar - tilsvarande 0,8 prosent. I den andre enden av skalaen ligg Nordfjord sjukehus med fem skadar av 204 fødslar - altså 2,5 prosent.

- Små tal gir store utslag

I Lærdal har det til no i år vore skadefritt ved alle dei 65 fødslane ved sjukehuset. Her vert alle risikofødslar sende bort.

- Det handlar her om så små tal, at utslaga blir store, seier Kjellaug Fredly til Firda.

Ho er assisterande avdelingssjef ved fødeavdelinga på FSS, og held fram:

- Til dømes må tala for Nordfjord sjukehus lesast i eit slikt lys. Mi røynsle er at Eid er flinke til å selektere risikofødslar og har god kvalitet på tenestene. Eit anna år kan både dei og vi komme annleis ut, seier Fredly.