NRK Meny
Normal

Kunnskapsministeren skal forsøkje å rydde opp i nynorskmangel

FØRDE (NRK): Elevar blir tvinga til å lesa tekstar på bokmål, sjølv om dei har nynorsk som hovudmål. No vil kunnskapsdepartementet ta grep.

Rikke Sjøberg og Jan Tore Sanner

IKKJE GODT NOK: Kunnskapsdepartementet, her ved kunnskapsminister Jan Tore Sanner (H) og statssekretær Rikke Sjøberg (H), er ikkje fornøgde med mangelen på nynorske læremiddel.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

I ein rapport utarbeidd for Noregs Mållag, kjem det fram at berre 15 av 104 digitale læremiddel er tilgjengeleg på nynorsk.

Rapporten såg på alt frå kalkulatorappar til lærebøker som elevane nyttar kvar dag på skulen.

– Titusenvis av elevar manglar digitale læremiddel på nynorsk. Det mest alvorlege er at små ungar som skal lære nynorsk, ser bokmål på iPaden. Då går det ut over den første språklæringa og det er veldig feil, seier leiar i Noregs Mållag, Magne Aasbrenn

Kjenner seg som andreprioritet

Lærar Hedda Håberg ved Førde ungdomsskule seier dei som lagar digitale læremiddel til skulane, ikkje tek ansvaret sitt for skriftspråka.

– Me med nynorsk som hovudmål verkar som andreprioritet, seier Håberg som er lærar for 10.-klassingane.

Skulen har nynorsk som hovudmål, men må bruke nettresursar som berre er tilgjengeleg på bokmål.

– Me prøver å gjere elevane språkbevisste, men det er vanskeleg, seier læraren.

Jostein Løvik og Elise Myren framfor datamaskiner på datarommet

PÅ NETT: Elise Myren og Jostein Løvik brukar digitale læremiddel i kvardagen på Førde ungdomsskule.

Foto: Steinar Lote / NRK

Elevane på Førde ungdomsskule ynskjer meir nynorsk på nettløysingane dei brukar.

– Det er irriterande at det er på bokmål når eg lærer best med nynorsk, seier Ida Berge.

Ho og medelevane ynskjer å ha valet mellom nynorsk og bokmål på nett.

– Når du les bokmål på nett og nynorsk i skulen kan det bli vanskeleg og forvirrande, seier Elise Myren.

– Dei bør gjer det mogleg for oss å omsette sida til nynorsk, seier Jostein Løvik.

Jostein Løvik,Hedda Håberg, Elise Myren og Ida Berge i klasserommet

NYNORSK I UNDERVISNINGA: Jostein Løvik, lærar Hedda Håberg, Elise Myren og Ida Berge ynskjer seg fleire digitale læremiddel på nynorsk.

Foto: Steinar Lote / NRK

Strammare lover

Alle skriftlege læremiddel i Noreg skal vere tilgjengeleg på nynorsk og bokmål. Lovverket seier at alle digitale læremiddel som blir brukt jamleg i undervisning skal ha dei same krava til seg.

– Med denne lova om jamleg bruk kan definisjonen strekkast. Det tykkjer me er veldig feil og me ynskjer ei strammare lov. Blir det brukt som læremiddel skal det vere tilgjengeleg på begge målformer, seier Aasbrenn.

Departementet vil ta tak

Rikke Sjøberg (H) er statssekretær for kunnskapsminister Jan Tore Sanner (H). Ho seier at dei slett ikkje er fornøgde med at berre 15 av 104 digitale læremiddel ligg føre på nynorsk.

– Det er rett og slett ikkje bra nok. Regelen er at elevar skal få læremiddel på den målforma dei brukar, og det gjeld både på papir og digitalt, seier Sjøberg.

Ho fortel at departementet no vil forsøkje å nå ut med informasjon til dei som kjøper inn læremiddel, altså skulane.

– Det er skuleeigarane, altså kommunar og fylke, som har ansvaret for dette. No må vi prøve å få ut betre informasjon til dei, slik at dei blir kjent med reglane som gjeld, seier Sjøberg.