Hopp til innhold

– Alle bør ha brannøvingar heime

Svært få øver på brannberedskap heime. Brannvesenet fryktar fatale følgjer.

Born i Solvang barnehage

FEKK PRØVE: Bjarte Grimelid låner vekk brannslangen til ivrige born i Solvang Barnehage. Her er det Elias som får prøve seg.

Foto: Maria Pile Svåsand / Nrk

– Dersom folk hadde hatt fleire brannøvingar, kunne dei mest sannsynleg komme frå ein eventuell brann med mindre skadar, trur beredskapsleiar i Førde Brannvesen, Bjørn Berge.

Få øver heime

Denne veka er det Brannvernveke, og bedrifter og privatpersonar kan registrere brannøvinga si på internett. Av dei nesten 5 000 påmelde øvingane, er under 20 prosent av øvingane i private bustadar.

– Det er veldig viktig å ha øvingar heime, men mange har nok ikkje tenkt tanken eingong. På sikt håpar vi at det skal vere like vanleg å ha brannøving heime som på jobb, informasjonsrådgjevar i Norsk Brannvernforening, Tor Erik Skaar.

Barnehagar på topp

Nesten halvparten av dei registrerte øvingane, finn stad i barnehagar. I Solvang Barnehage i Førde gjekk brannalarmen tysdag føremiddag.

– Vi må gå rett ut om alarmen går, og om det er masse røyk må vi krype, fortel 5 år gamle Eline.

Alarmen var heldigvis ei øving, og både liten og stor visste kva dei skulle gjere. Øving gjer nemleg meister, også på brannberedskap, meiner Berge:

– Det ein har øvd på, kan ein, og då vert ein mindre stressa i pressa situasjonar, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Brannbil i Solvang barnehage

STORT: Ein ekte brannbil er ikkje kvardagskost i barnehagen. Eline, Elias og Erik får ta den i nærare augesyn.

Foto: Maria Pile Svåsand / Nrk

Øving og open dag

Målet med brannvernveka er å få bedrifter og hushaldningar til å ha brannøvingar, og å informere om brannvern.

I Sogn og Fjordane skal nesten 10 000 delta i 118 øvingar, og på landsbasis er talet på deltakarar over ein halv million.

– Vi har fått ei eventyroppslutning, og håpar sjølvsagt det berre vil fortsette framover, seier Skaar.

I tillegg har brannstasjonar over heile landet open dag på laurdag.

Veit lite heimanfrå

I Solvang Barnehage er det brannøving to gongar i året, men pedagogisk leiar, Anne Svoen trur få snakkar om brannvern heime.

– Det verkar som om dette ofte er nytt for borna. Heime veit dei at dei har ein røykvarslar, men lite meir, fortel ho.

Brannvernveka fokuserer ekstra på born, med maskotar og aktivitetar.

– Borna er dei viktigaste brannvernambassadørane. Dei hugsar det dei lærer, og tek det med seg heim att, fortel Skaar.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.