Expressen: Solheim ferdig i Sverige

Mats Solheim kan bli seriemeister i sin siste kamp for Hammarby i dag, melder Expressen. Den svenske avisa skriv at Solheim og familien flyttar heim til Noreg. Hammarby kjempar om seriegullet i Allsvenskan, og laget har sin siste kamp for sesongen kl. 13 i dag mot Häcken. 31-åringen frå Loen har vore i Sverige sidan 2011.

Mats Solheim
Foto: Thérese Ny/TT / TT NYHETSBYRÅN