Hopp til innhold

Ewos seld for 6,5 milliardar

Oppdrettsselskapet Cermaq gir slepp på fôrprodusenten Ewos for 6,5 milliardar kroner.

Ewos

SELD: Ewos fabrikkane i Florø, Halsa og Bergneset får nye eigarar.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Kjøparane, oppkjøpsfonda Altor og Bain Capital, ynskjer å etablere eit norsk selskap for å drive fôrproduksjonen vidare. Ewos har fabrikk mellom anna i Florø.

Salet som blir opplyst i ei børsmelding torsdag ettermiddag er på 300 millionar kroner meir enn oppkjøpsfonda sitt første bod.

– Vi er veldig nøgde med å ha klart å sluttføre dette til ein verdi som er høgare enn den vi indikerte for nokre veker sidan, seier finansdirektør Tore Valderhaug i Cermaq til DN.no.

Fekk høgare bod

Tore Valderhaug

DIREKTØR: Tore Valderhaug.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

Ifølgje avis har Cermaq-styret den siste tida jobba intenst med å få på plass løysingar for sal av fôrverksemda. Også det britiske oppkjøpsfondet Pereira la inn bod.

Etter det DN erfarer var dette bodet høgare enn det frå Altor og Bain Capital. Valderhaug vil overfor avisa ikkje kommentere boda.

– Vi har vald det bodet vi meiner totalt sett var det beste. Det er ein heilskapleg vurdering av bodet, både når det gjeld kommersielle høve, risiko og totaliteten i transaksjonen, seier han.

Tre fabrikkar

Ewos er ein av verdas største produsentar av fiskefôr, med kontor i Norge, Chile, Canada og Skottland. I 2011 hadde gruppa nær 900 tilsette.

Selskapet vart etablert i Sverige i 1931 og var fram til salet torsdag heileigd av Cermaq. Sistnemnde er eit delstatleg norsk selskap innan havbruk, hovudsakleg oppdrett av raud fisk og fôrproduksjon til oppdrettsfisk.

I Norge har Ewos fabrikkar i Florø, Halsa og Bergneset. Det har ikkje lukakst NRK å få kommentar frå fabrikksjef Rune Ryland i Florø.