Hopp til innhold

Skulekrangelen vil ingen ende ta i Vågsøy

MÅLØY (NRK): Arbeidarpartiet utfordrar planane om ny ungdomsskule, medan Høgre lovar skulenedlegging. Valet er prega av full skulekrangel i Vågsøy.

Vågsøy ungdomsskule

SKULEKRANGEL: Politikarane kranglar om kva som skal skje med ungdomsskulen i Vågsøy.

Foto: Asgeir Jens Heimdal Reksnes / NRK

Vallogo

– Her er jo svære glasveggar som skapar varme, når sola står på blir det heitt, seier rektor Kåre Bakke.

Sola varmar mot punkterte ruter bak falma gardiner, nokre vindauge står opne inn i klasseromma, men ikkje alle er i stand til å opnast. Vågsøy ungdomsskule er blitt 50 år, men mangelen på vedlikehald er skrikande. Ikkje alle vindauge kan latast opp.

Kåre Bakke

REKTOR: Kåre Bakke er rektor ved Vågsøy ungdomsskule.

Foto: Asgeir Jens Heimdal Reksnes / NRK

– Enkelte glaskarmar er så rotne at vi ikkje vågar å late dei opp, dei har vi spikra att. Nei, her er mykje å ta tak i.

Snart er det over

Det 50 år gamle monumentalbygget i gate 5 i Måløy har skrikande mangel på vedlikehald. Men etter jul er korridorane tomme for elevar. Ved nyttår skal ein mellombels modulskule, eller såkalla brakkeskule, huse dei over 200 elevane og fleire titals tilsette ved Måløy ungdomsskule. Skulen er bestilt og kostar åleine 30 millionar kroner.

Om to år skal etter planen ny skule stå klar, på same tomt som dagens skule.

Men no tyder alt på at krangelen om skulane i Vågsøy vil halde fram dei neste fire åra. I fleire periodar har skulane si framtid vore tungt debattert i heile kommune, no er også framtida til ungdomsskulen sett i spel.

Arbeidarpartiet seier dei ikkje er sikre på om planane er gode nok, og ordførarkandidat Kristin Maurstad varslar at dei vil vurdere saka på nytt. Eit alternativ er å bygge på fastlandet, eit anna alternativ er å ruste opp.

Kristin Maurstad

VIL HA NY VURDERING: Ordførarkandidat Kristin Maurstad (Ap) er usikker på om skuleplanane er gode nok, og vil ha ny vurdering.

Foto: Asgeir Jens Heimdal Reksnes / NRK

– Vi har sett av 90 millionar i budsjetta våre no nærmar rekninga seg 140 millionar kroner, då har vi eit problem. Vi må ta ei ny runde på om det er rett å bygge nytt ved noverande skular, eller om vi skal sjå på andre løysingar.

Provokasjon i ei sak med sterke kjensler

Det provoserer ordførar Morten Hagen frå Høgre.

Morten Hagen

PROVOSERT OVER AP: Ordførar Morten Hagen (H) er skuffa over Arbeidarpartiet i Vågsøy.

Foto: Asgeir Jens Heimdal Reksnes / NRK

– Det er svært skuffande, det vil sette prosessen tilbake i tid. Høgre har i perioden teke tak i saka og jobba fram ei løysing og fått eit godt alternativ, seier han.

Ungdomsskulesaka i Vågsøy er ei sak som vekker kjensler, for enkelte dreiar det seg om framtida til sjølve Måløy.

Dei siste åra har dei tyngste investeringane i kommunen skjedd på fastlandet. Her har det kome viktige offentlege tilbod, også handelsstanden sig ut av Måløy og over brua til Deknepollen. Om også ungdomsskulen vart flytta til fastlandet ville måløyværingane trenge buss til skulen. Hagen og Høgre meiner det er rett å ha skulen på same stad som før.

– For det første sit vi med ei stor tomt midt i Måløy, der har vore skule der i 50 år. Det er viktig at vi beheld funksjonar i Måløy sentrum også, og ikkje flyttar alt ut.

Må spare pengar

I 1965 ruva den nye og moderne Vågsøy ungdomsskule i den raskt veksande tettstaden Måløy. Vågsøy kommune hadde då fødselstal nær det doble av i dag.

Men tidene endrar seg, ungdomsskuleborna på sekstitalet er klare for pensjonistlivet.

Kommunen har investert tungt i eldreomsorg for å møte bølgja som ventar. Færre born og fleire eldre gjer at budsjetta til skule og omsorg går i ulik retning.

Vågsøy Høgre lova før valet at dei vil legge ned grendeskular, det har dei jobba for også i førre periode, utan gjennomslag.

– Vi meiner det er viktig å vere tydelege på kva vi vil gjere, seier Hagen. Han meiner skulane i Holvik og på Bryggja er mest utsette.

Arbeidarpartiet er usikre

Arbeidarpartiet tapte makta i Vågsøy ved førre kommuneval etter at Roger B. Silden hadde hatt makta i tre periodar. Striden om Nordfjord sjukehus gjorde Ap-sjanselause i store delar av Nordfjord.

Kristin Maurstad har vore varaordførar dei fire siste åra, men ynskjer å ta over ordførarklubba. Men ho vil ikkje vere tydeleg på kva Ap vil gjere med bygdeskulane, sjølv om dei har røysta for nedlegging dei siste fire åra.

– Det er økonomien som avgjer om det er naudsynt å gjere noko.

Ny ungdomsskule blir eit stort løft for Vågsøy som har streva med dårleg økonomi. Rektor Kåre Bakke håpar på det sterkaste på at den kjem så raskt som råd, og likar dårleg at Ap vil ha nye rundar.

– Som rektor så synest eg lite om det, det vil utsette og forlenge prosessar som alt har pågått lenge, eg likar det dårleg.