NRK Meny
Normal

Eventyrleg sesong for reiselivet i sommar

Hotel- og campingeigarar over heile fylket gnir seg i auga. Rekordar frå sommaren i fjor – rekordar ein trudde var uslåelege – har blitt gjort til skamme.

Gloppen Hotell

KJEMPESESONG: Rekorden frå i fjor fekk ikkje stå meir enn eitt år for Gloppen hotell, berre ein av ei rekkje reiselivsaktørar som opplever ein svært god sesong.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

– Sommaren har vore heilt fantastisk. Det er utruleg kjekt å jobbe når vi har fulle hus heilt tida, seier kjøkkensjef ved Gloppen Hotel, Bodil Fjellestad.

Og dei travle dagane gir resultat. Hotellsjef Terese Kirkhorn sine tal viser ein 15 prosent auke i omsetninga frå i fjor.

Terese Kikhorn

HOTELLSJEF: Terese Kirkhorn

Foto: Silje Guddal / NRK

– Vi har hatt ein kjempesesong. Vi har sprunge rundt her, og eigentleg ikkje heilt skjønt kva som skjer. Vi hadde eit toppår i fjor, og i år har det toppa seg endå meir. Det er berre heilt fantastisk, seier Kirkhorn.

Beste sesong nokosinne

NRK har vore i kontakt med fleire hotell og campingplassar i fylket. Samtlege melder om ein sesong heilt utanom det vanlege.

– Den har vore overraskande bra. Vi trudde tala frå i fjor skulle bli vanskelege å slå, seier Eli Helga Grimsen ved Kjørnes camping i Sogndal.

Men dei har hatt sin beste sesong nokosinne.

– I mai hadde vi 25 prosent auke, i juni 17 prosent, i juli 10 prosent og i august 14 prosent, seier Grimsen.

Strynsvatn Camping

STRYNSVATN CAMPING: Nye rekordar vart det også for Strynsvatn Camping, og ein mann frå Dubai får delar av æra.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Instagramkonto gir kjempebesøk

Også ved Strynsvatn Camping har dei slått alle rekordar. Tal gjestedøgn har auka frå 3900 i juli i 2013 til over 4700 i juli i år. Blant tyskarar og nederlendarar, har det dukka opp uventa besøk frå andre delar av verda.

– Vi har hatt gjester frå Saudi-Arabia og dei arabiske emirata, seier John Roger Meland.

Han seier det heile har ei noko spesiell forklaring, med ein enkeltperson som har drege mykje gjester til Norge, Vestlandet og Nordfjord.

– Ein kar frå Dubai som driv eit byrå har marknadsført Norge veldig godt gjennom ein instagramkonto, som han skal ha over 200.000 følgjarar på. Han har guida sine eigne grupper her, men mange bestiller på eigehand også.

Kjempesesong for hotella også

Medan nokre har fått draghjelp frå Dubai, har andre møtt motbør med tunnelbrann, som Svein Inge Fosse ved Knutholmen i Kalvåg. Trass i brannen i Skatestraumtunnelen har Fosse auke i omsetnaden.

Svein Inge Fosse

KNUTHOLMEN: Svein Inge Fosse.

Foto: Bjarne Eldevik

– Det har vore veldig bra, og ser ut til å bli ein fantastisk september, og gode bestillingar for oktober. Sommaren i fjor var jo fantastisk med vêret, men likevel hadde vi hatt 15–20 prosent auke i juli hadde vi ikkje hatt tunnelbrannen.

Også dei store hotella som Fretheim i Flåm, Kviknes i Balestrand og Alexandra i Loen melder om ein svært god sommar. Fleire i næringa peikar på den same, samansette forklaringa: ei svak krone, god marknadsføring tidlegare år, fjorårets gode sommar og nordmenn som har fått auga opp for sitt eige ferieland.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser