Hopp til innhold

Dei har levert 415 tonn brisling frå indre Sogn

Aldri før har «Vårbud» gjort fangstar som i år. Brislingbåten frå Solund har i haust fiska nær 500 tonn brisling i indre Sogn.

Vårbud på brislingfiske

REKORDFISKE: «Vårbud» har fiska i Sognefjorden sidan starten av september.

Foto: Vårbud

«Vårbud» kom til indre Sogn tidleg i september. Fram til no har båten levert 415 tonn brisling, og i eit steng i Naddvik står det rundt 60-70 tonn og ventar på å bli henta.

Det meste av brislingen er fiska i Lustrafjorden og Årdalsfjorden. Skipper Tommy Engdal frå Sørbøvåg seier at fisket har vore historisk godt.

– Det har vore kjempegodt fiskeri. Vi har aldri gjort det så godt før. Vi håpar å kome opp i 500 tonn før vi gir oss og tek juleferie. Og kvaliteten på brislingen er flott.

Lasting av brisling

HAR HÅVA INN: Tonn på tonn med brisling er levert frå «Vårbud» i haust.

Foto: Vårbud

Har til julepresangar

Han meiner det gode fisket kjem av at det var varmt i sjøen i sommar og dermed meir mat i fjorden til brislingen. Dermed vart han ståande i fjorden i staden for å gå til havs. Og for eigaren og mannskapet på «Vårbud» betyr det gode inntekter.

– Ja, vi har levert for mellom 2,4 og 2,5 millionar kroner.

– Så de har til julepresangar i år?

– Ja, heldigvis, det nærmar seg jul.

All brislingen er levert til King Oscar og har hamna i hermetikkboksar rundt om i Europa.

Brislingsteng i Naddvik

60-70 TONN PÅ VENT: Dette brislingstenget ligg ved den gamle dampskipskaia i Naddvik i Årdal.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

I alt sju bruk

I alt har det vore sju bruk som har fiska i indre Sogn i haust. Dei har teke rundt 1100 tonn. Men no er «Vårbud» att åleine i Årdalsfjorden. Så snart innhaldet i det siste stenget er levert, tek dei ein runde til, og så går turen heim til Solund og juleferie.

Og Tommy Engdal har god tru på at det også til neste år kan bli godt brislingfiske i Sogn dersom dei får vilkår til å fiske.

  • Sjå TV-innslag om brislingfiske i Nordfjord:
Framleis held nokre få båtar fram jakta på kyst-brislingen, år etter år, langt inne i vestlandsfjordane. Årets fiske har vore det beste på lenge.