Hopp til innhold

Even vil helst prøve seg i utlandet

Even Hovland vil aller helst reise til ein utanlandsk klubb når kontrakten hans med Sogndal går ut etter sesongen.

Even Hovland

KAN ENDE I UTLANDET: Even Hovland er ein ettertrakta mann for fleire klubbar. Etter sesongen kan han hamne i ein utanlandsk klubb.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Det er det som freistar mest. Men kva som skjer til neste år får eg ta når den tida kjem. Eg prøver å bruke minst mogleg tid på det, og heller fokusere på det som er viktig no, seier Hovland til VG Nett.

Kan debutere for landslaget

Det betyr at Molde og andre norske klubbar kan måtte sjå langt etter signaturen til 22-åringen frå Vadheim.

Sjansane for at Hovland får tilbod frå utanlandske klubbar aukar monaleg, etter at han vart teken ut på landslaget til Egil «Drillo» Olsen.

Der kan han få sin landslagsdebut for Norge i EM-kvaliken mot Kypros.

– Har ei stor framtid framfor seg

Overfor VG Nett trur kaptein Kjetil Wæhler at Hovland kan bli henta av ein storklubb.

– Han har alt som skal til for å lykkast i utlandet. Han har nok ei stor framtid framfor seg. Han har høgda og føresetnadene for å bli ein svært god midtstoppar, seier han.

– Alt anna enn at han blir ein viktig brikke på landslaget i framtida, vil vere ei overrasking, seier landslagssjef Egil Olsen.