Hopp til innhold

Even Hovland: Ikkje overraska over vrakinga

Då landslagssjef Lars Lagerbäck kunngjorde kva spelarar som er med i troppen til kampane mot Aserbajdsjan og Tyskland var ikkje namnet til Even Hovland med. Det var som venta, seier Hovland sjølv.

Even Hovland

FRAMLEIS KLUBBLAUS: Even Hovland frå Vadheim har vraka tilbod frå norske klubbar og ventar på sjanse hjå ein utanlandsk klubb.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Veimingen er for tida klubblaus etter opphaldet i Nürnberg og 2. Bundesliga.

– Eg har ikkje klubb og har ikkje spelt kampar, så det var inga overrasking. Eg må få meg ein klubb og få speletid der. Så kan eg vere med og kjempe om plass på landslaget seinare.

28 år gamle Hovland har 24 A-landskampar. Han hadde tilbod frå Sogndal, men har valt å vente for å sjå om det dukkar opp utanlandske klubbar som vil ha han. Hovland seier han var klar over at slik gambling kunne sette landslagsplassen i fare.

– Eg har forstått lenge at dersom du ikkje har klubb og spelar fotball, så har du ikkje noko kort å spele med inn mot landslaget heller. Det skulle berre mangle at det er slik.

Berre Valsvik att

Hovland er ikkje den einaste spelaren frå Sogn og Fjordane som er vraka sidan førre landskamp. Landslagssjef Lars Lagerbäck har også sett ut Per-Egil Flo og Mathias Dyngeland. Berre Gustav Valsvik er framleis med.

– Fekk du noko signal på førehand om at du ikkje var med?


– Nei, eg treng ikkje få noko signal. Eg veit sjølv at så lenge eg ikkje spelar kampar, så er det vanskeleg å forsvare nokon plass på eit landslag, seier Even Hovland.

Video Skryter av Drillo

VRAKA HOVLAND: Landslagssjef Lars Lagerbäck.

Foto: Nyhetsspiller

– Ambisjonane er der

Han seier han er innstilt på å kjempe seg inn att i landslagsvarmen.


– Ambisjonane er alltid der. Eg satsar på at eg får meg ein klubb om ikkje alt for lenge. Det må du ta med Jim Solbakken som jobbar for meg. Eg held meg i form for å vere best mogleg budd til det eventuelt skjer noko. Så får vi sjå når og eventuelt kva det blir.

– Er det frustrerande å gå slik i uvissa?


– Det hadde sjølvsagt vore best å ha ein klubb, men situasjone er som den er, og vi ventar litt lengre for å sjå alle alternativa. Det er eit val eg har gjort sjølv. Eg har eit ansvar sjølv også, men vi har lagt ein plan på det, så det blir ein orden på det til slutt.

Kampane mot Aserbajdsjan og Tyskland skal spelast 1. og 4. september.