Hopp til innhold

Ventar med ny Molde-kontrakt - no vil Even helst til ein engelsk klubb

Fotballspelaren Even Hovland frå Vadheim håper på tilbod frå ein engelsk Premier Leauge-klubb.

Martin Linnes (t.v.) og Even Hovland

MOLDESPELAR: Her er forsvarsspelar Martin Linnes og midtstoppar Even Hovland i Florø i samband med cupkampen tidlegare i veka. No har Hovland lyst å prøve seg i ein utanlandsk klubb.

Foto: Bård Siem / NRK

25-åringen har fått tilbod om å forlenge kontrakten med Molde Fotballklubb som går ut ved nyttår, men vil heller til England om han får moglegheit til det.

– Molde vil signere ny kontrakt, men eg avventar litt. Eg vil sjå om eg får moglegheita til å prøve noko nytt. Men det viktigaste for meg er å prestere godt i kamp og i treningskvardagen her i Molde, seier han.

Er open for det meste

Even Hovland

HAR LYST TIL LIVERPOOL: Even Hovland seier Liverpool er favorittlaget og at han gjerne kunne tenkt seg dit.

Foto: Bård Siem / NRK

Forhandlingane med Molde har ikkje kome skikkeleg i gang og Hovland kan ikkje seie noko om så kor lang kontrakt det er snakk om dersom den blir forlenga. Førebels veit han ikkje om det er har kome førespurnadar frå utlandet.

– Det må du høyre med klubben om, slikt får ikkje vi spelarane beskjed om, seier han.

Den store draumen er å reise til England, men også tyske og spanske klubbar kan vere interessante.

– England er førstevalet, men eg er open for det meste. Får eg moglegheita til å spele i utlandet, reiser eg uansett kvar det er, seier han.

Liverpool er favoritten

Hovland har tidlegare spelt for Høyang og Sogndal. Han har også fleire kampar for det norske A-landslaget. Etter snart tre år i Molde er han klare for nye utfordringar. Blir det ein engelsk klubb, har han ein klar favoritt.

– Liverpool er laget mitt, så dei hadde eg ikkje sagt nei til. Men eg trivst i Molde og får resultat her, så det slikt sett er det ingen grunn til å forlate klubben.

Å bytte til ein annan norsk klubb er ikkje eit tema per no.

– Slik Molde presterer for tida, er det ingen grunn til å gå til andre klubbar i Norge, seier han.