Hopp til innhold

Evelyn (82) heldt sjølv på å drukne - ga hjartestartarar til ferjer

VANGSNES (NRK): 82 år gamle Evelyn Hjortland frå Vangsnes har gitt 50.000 kroner til to hjartestartarar til ferjene som går mellom Vangsnes, Hella og Dragsvik.

82 år gamle Evelyn Hjortland frå Vangsnes har gitt 50.000 kroner til to hjartestartarar til ferjene som går mellom Vangsnes, Hella og Dragsvik.

For mange år sidan heldt Evelyn Hjortland sjølv på å mista livet då ho fall på fjorden. Ho veit at rask hjelp kan bety skilnaden mellom liv og død.

– Eg var utsett for ei dukingsulukke. Eg veit ikkje kor lenge eg hadde lege på kaia då det kom ein mann frå Førde og fann meg. Eg såg død ut, men han gav meg munn mot munn-metoden, og han gav seg ikkje før det var liv i meg att, seier Hjortland.

– No har du kjøpt to hjartestartarar til ferjene her. Det er ikkje billeg?

– Nei. Eg kjøpte to fordi det går to ferjer her, seier 82-åringen.

Hjortland fekk i dag blomar og heider for den viktige gåva ho har gjeve.

Full av lovord

Astrid Tveit, matros på ferjene mellom Vangsnes-Dragsvik-Hella, henta og følgde Hjortland ombord på ferja «Lærdal» i dag, der ho fekk sjå korleis mannskapet fekk opplæring i å bruka hjartestartarane. Tveit er full av lovord om gåva frå Hjortland.

– Det er heilt fantastisk at ho har gjort dette. Vi fraktar mange passasjerar, og mykje kan skje, seier ho.

I førre veke måtte ein passasjer på ferja mellom Lavik og Oppedal få hjelp av ein hjartestartar. Og i fjor fann ein dramatisk episode stad då ein bil med tre personar hamna i sjøen ved ferjekaia på Hella. Ei ung kvinne vart gjenoppliva med hjarte- og lungeredning.

Arne Fortun

EIN AV TO: Tryggingsoffiser Arne Fortun i Fjord1 viser fram den eine hjartestartaren som dei har fått i gåve av Evelyn Hjortland.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Takksame

Arne Forthun er tryggingsoffiser i Fjord1 og jobbar på strekninga Mannheller-Fodnes.

– I dag er det siste kurset vi har med mannskapet på ferjesambandet Vangsnes-Dragsvik-Hella for å lære dei opp til å bruka hjartestartarane. Vi er veldig takksame for hjartestartarane Evelyn Hjortland har gjeve oss. Inkludert i gåva var det også opplæring av dei tilsette på ferjene, seier han.

– Kor viktig er det å ha hjartestartar når ulukke inntreff?

– Om bord i ferjene reiser det mange typar folk med alle slags helsetilstandar, og vi er på fjorden. Det kan ofte vere vanskeleg å få ambulanse raskt til staden. Det er viktig at vi har det rette utstyret på plass og at vi har god opplæring, seier han.

– Det kan bety skilnad på liv og død?

– Ja. Forskinga viser at kjem vi i gang med hjartestartar innan tre minutt, aukar overlevinga med 80 prosent, seier Fortun.

Mannskap får opplæring

UNDERVISNING: Mannskapet på ferjene har fått opplæring i bruk av hjartestartarane.

Foto: Noralv Pedersen / NRK