Hopp til innhold

Evakuerte kro og brakkerigg etter brann

Brannvesen og politi rykte seint måndag kveld ut til ein brann ved Sande Kro i Gaular. Kroa og ein nærliggande brakkerigg vart evakuert.

Sande Kro og Hotell

BRANN: Det var i kjellaretasjen ved Sande Kro og Hotell det byrja brenne seint måndag kveld. Biletet er frå tidlegare.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Meldinga om brannen kom klokka 23.45 måndag kveld.

– Vi fekk melding om brann i kjellaretasjen på Sande kro av ein innringar som var i umiddelbar nærleik til bygget. Dei heldt då på med evakuering av bygget og ein nærliggande brakkerigg, seier Frode Korneliussen ved Alarmsentralen i Sogn og Fjordane.

Brannvesenet frå Gaular var raskt på staden og i løpet av nokre minutt fekk dei kontroll på brannen. Brannen fekk dermed ikkje spreie seg frå kjellaretasjen.

– Det er hovudsakleg sot i kjellaren, og det har vore ein del varme, men omfanget av skadane har ein ikkje full oversikt over enno, opplyser Korneliussen.

Det skal ikkje ha vore fare for at menneske kunne kome til skade.

Operasjonsleiar Per Rimmen ved Sogn og Fjordane politidistrikt seier politiet vil gjere ei åstadsgransking på brannstaden tysdag. Dei kan førebels ikkje seie noko om årsaka til brannen.

Brannvesenet avslutta på staden like over klokka 01.