Hopp til innhold

Evakuerte bustadhus etter pipebrann

Brannvesenet i Aurland rykte seint tysdag kveld ut etter melding om brann i ei pipe.

Flåm

Meldinga om pipebrannen kom klokka 23.08, og brannvesenet som rykte ut fekk raskt kontroll, opplyser Frode Korneliussen ved Alarmsentralen i Sogn og Fjordane.

Han seier folka som budde i huset vart evakuerte til situasjonen var under kontroll.

Tida vi går inn i er ei tid der brannvesenet tradisjonelt sett rykkjer ut til mange pipebrannar. På landsbasis blir det kvart år registrert rundt 3600 pipebrannar, svært mange av dei kunne vore unngått med rett fyring.

Korneliussen seier det er to grunnleggande ting folk kan gjere for å unngå brann i pipa.

– God trekk og tørr ved er viktig, seier han.

Oppstår det først pipebrann må du stenge trekken og varsle brannvesenet på 110.

– Det farlege er om det er sprekk i røyret i pipa, slik at brannen kan få spreie seg til treverket inni huset, seier Korneliussen som ber folk vere merksame når dei startar vedfyringa for vinteren.