NRK Meny
Normal

Elva trugar bustadfelt - evakuerer 15 hus

Stor vassføring i elva Utla gjer at politiet bestemte seg for å evakuere fleire bustader i Årdal kommune.

Evakuering i Årdal

VERT EVAKUERT: Her ser ein brua ved Ålmennhagen. Folk her vert no evakuert på grunn av den store vassføringa i elva.

Foto: Truls Sylvarnes

Arild Ingar Lægreid

TEK FØREHANDSREGLAR: 15 hus vert evakuert i Årdal kommune, seier ordførar Arild Ingar Lægreid.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Totalt har me evakuert 15 hus med til saman 25 personar. Eg har nettopp vore på ein sjekk, og det ser no ut som vatnet er på veg tilbake, seier Bjørn Indrebø til NRK klokka 00.15

Han er beredskapsvakt i Årdal kommune, og seier dei 25 personane må halde seg vekke frå heimane sine i natt, men at dei ikkje har planlagt å evakuere fleire bustadar no.

Føre var

Både i Lærdal og Aurland er mange evakuert frå bustadane sine. Også i Årdal måtte folk evakuere.

– No har politiet tatt ei avgjerd om å evakuere 15 husstandar i Ålmennhagen i Utladalen. Dei ønskjer å vere føre var og ikkje risikere å måtte gjere det på natta, fortalde ordførar i Årdal, Arild Ingar Lægreid, tidlegare i kveld

Parkeringshuset på Årdalssenteret

OVERSUMT: Parkeringshuset på Årdalssenteret ser slik ut i kveld.

Foto: Truls Sylvarnes

Husa ligg på nedsida av vegen i byggjefeltet Ålmennhagen og tett opp mot elva Utla.

Norsk Folkehjelp var på veg ut for å hjelpe kommunen med å gje beskjed til folk at dei må møte i Årdalshallen.

Evakuerer seg sjølv og dyra

– Vi har no fått beskjed om å flytte ut, seier Britt-Helene Hestetun. Både ho og 15 andre bustader har blitt evakuert frå bustadfeltet Ålmennhagen som ligg like ved elva Utla i Øvre Årdal.

Hestetun er i full gong med evakueringa og skal ha med seg både seg sjølv, mann og dyr ut av huset.

– Eg har måtte teke opp ein del hundar som eg har. Dei har hundehus som ligg nær elva. Så no har eg fått teke opp dei som var nede ved elva, og er i gong med å flytte ut, seier Hestetun.

Ho skal førebels flytte ned til dottera som også bur i Årdal.

Vatn i kjellaren

Elva Utla har stege og politiet har i samråd med kommunen bestemt at dei 15 husa som ligg nærast må evakuerast. Hestetun seier at huset deira ikkje er det som ligg nærast elva, men har no sett at det har kome vatn i kjellaren.

– I 15-tida var eg nede i kjellaren for å hente middagsmat i frysaren. Då såg eg ikkje noko vatn. Men to timar seinare i 17-tida såg vi at det var kome opp i 10 centimeter med vatn, fortel ho.

Mannen hennar har måtte pumpe vatn ut frå kjellaren. No er dei evakuerte, og Hestetun seier dei er redde det vil kome meir.

– Det har jo kome vatn før, men ikkje så mykje som no. Det er kome opp under brua. Det ser heilt forferdeleg og skummelt ut.

– Vi har akkurat starta evakueringa av husa. Det er ekstremt mykje vatn overalt. Folk har ikkje sett så mykje her før. Elva stig raskt, og etter det eg veit, så stig ho enda, seier Lægreid.

Ordføraren fortel at det er mykje vatn i alle bekkar og elvar i kommunen.

– Så det er klart folk kan bli litt redde no når mørket sig på. Vi er på plass og gjer det vi kan. Det er ikkje noko moro. Elvar og vatn har enorme krefter, fortel ordføraren og seier at fleire bruer er truga av den høge vassføringa.

Dei tek difor no førehandsreglar.

Han rår innbyggjarane om å ta det med ro, og seier folk er på plass på strategiske punkt for å følgje med heile tida.

Kummelokk oversvømt ved Årdalssenteret

MYKJE VATN: Kumlokk ved Årdalssenteret er oversumt.

Foto: Truls Sylvarnes
Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser